Hopp til innhold

Bli med og skap gode opplevingar på Voss

Arbeidsgiver

Hardanger og Voss Næringshage (Visit Voss)

Sted

Evangervegen 3, 5704 Voss

Om jobben

Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Mulighet for hjemmekontorAI
Ingen mulighet for hjemmekontor
AI

Bruk av kunstig intelligens

Søk på jobben

Søk senest mandag 30. november

Bussen til Gudvangen går frå plattform B.

Det kjem du til å seia omtrent 15 gonger mellom klokka ni og ti. Du kjem òg til å forklara at Voss Water ikkje er frå Voss, og trøysta folk som har reist over halve jorda for å sjå utsikta og møter ein vegg av tåke over Vangsvatnet. Me kan diverre ikkje styra vêret.

Og likevel: Dette er ein av dei kjekkaste jobbane i bygda, meiner me.

Kva du faktisk gjer
Du svarar på alt som kjem inn døra i løpet av ein dag, på fleire språk. Du hjelper reisande frå heile verda med å planleggja opphaldet, sel aktivitetane til dei lokale tilbydarane, og sel litt suvenirar og varer. Me brukar ulike bookingsystem som du ikkje treng å kunna frå før, berre vera villig til å læra.

Det beste med jobben
  • Du får sjølv oppleva alt Voss har å by på av aktivitetar, kultur og overnatting. Du må jo vita kva du sel.

  • Du møter folk du ikkje gløymer. Ein turist budde i telt ved Vangsvatnet ein heil månad midt på vinteren og var innom kvar einaste dag for å prata med oss.

  • I juni hoppa alle me tilsette i fallskjerm saman. Ingen lova at det blir slik kvart år, men det seier litt om miljøet.

  • Du får vera med på arrangement i regi av Hardanger og Voss Næringshage.

  • Og så er det dei små tinga: fredagskaffi med noko godt kvar fredag, lønningspils, Rosa sløyfe-løpet og ein dartrunde eller to i arbeidskvardagen.

Det ærlege
På grunn av plasseringa vår, får me spørsmål om absolutt alt. Toget som er forsinka, buss for tog, skikortet som ikkje verkar, prisane i Voss Resort og mobilen som vart gløymd att på bussen frå Odda. Lite av det er vårt ansvar, men det er du som står i skranken når spørsmålet kjem.

Som ringevikar jobbar du typisk i helgar, feriar og når nokon er sjuke. Alle ledige vakter blir lyste ut, men dei faste tilsette har førsterett. Det betyr at du ikkje får eit fast tal timar, og at telefonen kan ringja på kort varsel. Sommaren er framleis den travlaste tida, så du kan venta litt fleire timar då og litt færre om vinteren. Passar det livet ditt, er dette ein fin måte å bli kjend med reiselivet på Voss, ein av dei viktigaste næringane i heradet.

Vaktene
  • Sommar: 08.30--15.00 eller 11.30--18.00

  • Vinter: 09.00--16.00, og 09.30--15.00 i helgane

Me trur du passar om du
  • er nysgjerrig på andre kulturar

  • kan stilla på kort varsel

  • snakkar språk: godt norsk og engelsk er eit krav, og fleire språk er eit stort pluss

  • kjenner godt til Voss, eller har lyst til å bli kjend

  • likar folk, til og med når dei spør om det same for fjortande gong

  • likar å utfordra deg sjølv

Praktisk
  • Oppstart: så snart som mogleg

  • Timeløn etter riksavtalen

  • Søknadsfrist: 30. november, men me vurderer søknader fortløpande, så ikkje vent

Om bedriften

Hardanger og Voss Næringshage skal vera ei drivkraft for utvikling i regionen vår. Samlande, framsynt og kunnskapsrik. Me er ein naturleg partner i lokal og regional næringsutvikling -- både innan tradisjonelt næringsliv, reiseliv og stadutvikling. Gjennom våre ulike fagmiljø -- innan næringsutvikling, reiseliv og sentrumsutvikling -- jobbar me målretta for å styrkja både bygdeliv, handelsliv og opplevingar som skapar aktivitet og ringverknader lokalt og regionalt. Visit Voss og Voss Sentrum er sentrale delar av organisasjonen vår, og ein viktig del av dette arbeidet.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8a8c7977-c60d-4dc7-8caa-c24ecd044fa2

Sist endret

13. november 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

480738125

Lignende annonser

Laster lignende annonser