Vi søker Vedlikehaldsingeniør Transformatorstasjon
Linja AS
Industrivegen 6, 6080 Gurskøy
Om jobben
- Stillingstittel
- Vedlikehaldsingeniør Transformatorstasjon
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest fredag 10. april
Vi byggjer og driv straumnettet mellom fjordar og fjell frå Sunnfjord i sør til Trøndelag i nord. Det gjer det mogleg å bu, arbeide og drive eit nyskapande næringsliv her. Mange av stillingane våre har valfri oppmøtestad. Det gjer livet litt meir fleksibelt for deg - vi kan finne gode løysingar for den rette kandidaten! Linja er eit av dei største nettselskapa i landet. Vi er 287 tilsette, som inkluderer 20 lærlingar. Vi forsyner over 105 000 kundar med straum i nettområdet.
Linja søkjer ein vedlikehaldsingeniør transformatorstasjon, som vil ha fagleg og operativt ansvar for drift og vedlikehald av transformatorstasjonar og tilhøyrande anlegg. Stillinga er viktig for høg leveringssikkerheit, god HMS og kostnadseffektiv forvaltning av stasjonsanlegga.
Du vil få ansvar for dagleg drift og planlagt vedlikehald av Linja sine transformatorstasjonar, RN‑kabelanlegg og tekniske installasjonar. Du vil jobbe tett saman med arbeidsleiar/montør, avdelingsleiar vedlikehald, driftsleiar, nettutvikling, entreprenørar og leverandørar. Rolla kombinerer teknisk fagansvar med prosjektleiing, planlegging og øknomioppfølging, samt inneber aktiv deltaking i vidareutvikling av Linja sitt vedlikehaldsarbeid og vedlikehaldsstrategi.
ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
- Planlegging, tilrettelegging og oppfølging av drift‑ og vedlikehaldsarbeid i transformatorstasjonar
- Koordinering av aktivitetar mot arbeidsleiar, eigne montørar og driftsentral
- Innhenting av tilbod og oppfølging av entreprenørar og leverandørar, inkludert kvalitet, framdrift, HMS, økonomi og dokumentasjon
- Utarbeiding og oppfølging av vedlikehaldsplanar og årsplanar
- Teknisk støtte i utbyggings‑ og reinvesteringsprosjekt
- Bidra til utvikling og etterleving av Linja si vedlikehaldsstrategi
- ROS‑, SHA‑ og risikovurderingar i tråd med byggherreansvaret
- Relevant teknisk utdanning (sivilingeniør, ingeniør, teknisk fagskule eller tilsvarande)
- Erfaring frå drift og vedlikehald av transformatorstasjonar er ein stor fordel
- Trivst med planlegging, koordinering og strukturert arbeid
- Har god forståing for HMS, risikostyring og tekniske krav
- Er trygg i dialog med både fagmiljø, entreprenørar og interne samarbeidspartnarar
- Kommuniserer godt på norsk, munnleg og skriftleg
- Ei sentral og meiningsfull stilling i eit samfunnskritisk selskap
- Ein rolle med stort fagleg handlingsrom og tydeleg ansvar
- Varierte arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Moglegheit til å påverke vedlikehaldsstrategi, metodar og løysingar
- Konkurransedyktig løn, attraktive pensjons-, forsikrings- og velferdsordningar.
- Fleksible ordningar for arbeidstid. Heimekontorordning.
Om bedriften
Vi byggjer og driv straumnettet mellom fjordar og fjell frå Sunnfjord i sør til Trøndelag i nord. Det gjer det mogleg å bu, arbeide og drive eit nyskapande næringsliv her. Mange av stillingane våre har valfri oppmøtestad. Det gjer livet litt meir fleksibelt for deg - vi kan finne gode løysingar for den rette kandidaten! Linja er eit av dei største nettselskapa i landet. Vi er 287 tilsette, som inkluderer 20 lærlingar. Vi forsyner over 105 000 kundar med straum i nettområdet.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8a5734a2-ad00-4f41-ac7e-edd1a3baa066
- Sist endret
21. mars 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
456238985