Rektor
Eikefjord barne- og ungdomsskule
Hovlandsvegen 5, 6940 Eikefjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Rektor Eikefjord barne- og ungdomsskule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Kinn kommune har ledig 100% fast stilling som rektor/tenesteleiar ved Eikefjord barne- og ungdomsskule. Stillinga er ledig frå 01.01.2026. Leiinga ved skulen består av rektor og inspektør. Rektor sin næraste leiar er kommunalsjef for oppvekst og undervisning.
Eikefjord barne- og ungdomsskule ligg i Eikefjord, som er ein tettstad i Kinn kommune. Skulen er ein framtidsretta og moderne skule. Det er gangavstand til varierte naturområde som kan nyttast i opplæringa. Frå Eikefjord er det 28 km til Florø by.
Hausten 2025 har skulen 143 elevar fordelt på 1. - 10. årstrinn, og 30 tilsette. Skulen har også SFO-tilbod med 43 elevar.
Eikefjord barne- og ungdomsskule har lærarar med god utdanning i alle fag, er teamorganisert og jobbar i profesjonsfaglege læringsfellesskap til beste for elevane si læring. Skulen si målform er nynorsk.
Arbeidsoppgåver
Rektor har som tenesteleiar pedagogisk, administrativt og økonomisk ansvar innanfor tildelte rammer, og personalansvar for skulen sine tilsette.
Som rektor skal du:
- Utføre arbeidsoppgåvene slik dei er nedfelt i kommunen sine styringsdokument, og såleis bidra til å nå mål og delmål.
- Sikre god styring av eininga gjennom effektiv bruk og forvaltning av tildelte økonomiske ressursar i samsvar med budsjett og økonomireglement.
- Leggje til rette for gode læringsprosessar på skulen, der ein set profesjonsutvikling, elevane sitt læringsmiljø og læringsutbytte i sentrum.
- Spele medarbeidarane gode gjennom tydeleg og inkluderande leiarskap.
- Vere ansvarleg for at skulen sitt samfunnsmandat vert utført i samsvar med lov og regelverk og etablere eit godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar.
- Arbeide målretta med å inkludere elevar, føresette, tilsette og tillitsvalde i skulen sine utviklings- og avgjerdsprosessar.
- Pårekne å vere koordinator for barn med spesiell oppfølging.
Rektor deltek og bidreg i nettverk med andre barnehage- og skuleleiarar.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein person med:
- Godkjent utdanning for undervisning i grunnskulen
- Tilleggsutdanning innanfor administrasjon og leiing, som rektorutdanning eller liknande
- Undervisningserfaring frå grunnskule
- Leiarerfaring innanfor grunnskuleområdet
- Økonomiforståing og kjennskap til lov- og avtaleverk
- Forvaltningskompetanse
- Erfaring frå å leie skulebasert utviklingsarbeid
- IKT-kompetanse, og som kan nytte IKT som verkty i arbeidet som skuleleiar
- Kommunikasjonsevne på norsk; skriftleg og munnleg
- Kommunikasjonsevne på engelsk; skriftleg og munnleg
- Kjennskap til, og forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon og fag
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein:
- Samlande og tydeleg leiar med samfunnsengasjement og visjonar for skulen si utvikling og eigenart.
- Lagbyggjar som kommuniserer og samhandlar godt med barn og voksne, og som nyttar og inkluderer mangfaldet i miljøet på ein utviklande måte.
- Som har pågangsmot, godt humør og er løysingsorientert.
- Som er opptatt av elevane si læring, og er ein pådrivar for å utvikle skulen etter skulens, kommunens og nasjonale mål.
- Som har blikk for skulen si rolle lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
- Som er trygg og uredd i leiarrolla, ivaretek medverknad, tek avgjersle og har gjennomføringskraft.
- Som har god systemforståing, god kjennskap til skulen sine styringsdokument, samt HMS-arbeid
- Som har gode samarbeidsevne, og er ein aktiv bidragsytar i skulemiljøet og i rektorkollegiet.
Det vil bli lagt stor vekt på at ein er personleg eigna. Vi ønskjer at søkjar gjev uttrykk for eigne tankar om leiarrolla i søknaden.
Vi tilbyr
Ei spennande og utfordrande stilling i ein kystby med tilgang til varierte kultur -og naturopplevingarFagleg leiarfellesskap saman med andre leiarar i oppvekstsektoren.
Hyggjeleg arbeidsmiljø med høg kompetanse og engasjerte kolleger.
Støtteapparat på kommunalt nivå.
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Lønn etter avtale
Arbeidstakar vert tilsett i Kinn kommune etter gjeldende lover, reglement og tariffavtaler, inkludert pliktig medlemskap i pensjonskasse (STP).
Prøvetida er 6 månader.
Stillinga er unntatt arbeidstidsbestemmelser iht. arbeidsmiljølova § 10-12. Som kompensasjon for dette har tenesteleiar 7 fridager pr år, iht. Hovedtariffavtalens § 6.3. Kompensasjonen kan alternativt tas i tilsvarende antall daglønner.
Tilsetting føreset fremlegging av godkjent politiattest som ikkje er eldre enn 3 måneder. Tuberkuloseattest i henhold til forskrift.
Offentleg søkjarliste
Opplysningar om søkjaren kan bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om å bli unntatt offentlegheit. Kinn kommune vil varsle søkjarar som har bedt om unntak fra offentlegheit. Dersom dette ikkje kan imøtekomast (offentlighetslovens §25). Det vil gå fram av den offentlege søkjarlista kor mange søkjarar det er til stillinga og kva for kjønn søkjarane har.
Kontaktinformasjon
Runa Nybakk, Kommunalsjef for oppvekst og undervisning, +47 48282533Arbeidsstad
Hovlandsvegen 56940 Eikefjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 5021507482
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Runa Nybakk
Kommunalsjef for oppvekst og undervisning
+47 48282533
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8a4de484-8d16-4f13-9124-06f4ae356ff4
- Hentet fra
talentech
- Referanse
559987b35d714b00b9878dd7dee14420