Sjukepleiar til avdeling som er i vekst!
Lunge post Hgsd, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
3. mars 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Lungeseksjonen har ledig 1 fast stilling som sjukepleiar i 3-delt turnus, snarlig oppstart.
Ved lungeposten tar vi imot og behandlar pasientar med samansette og komplekse lungelidingar innanfor det indremedisinske fagfeltet. Vi behandlar pasientar med lungebetennelse, KOLS, respirasjonssvikt og lungekreft.
Vi legg stor vekt på høg fagleg kvalitet i arbeidet vårt, og hos oss blir du ein del av eit team der vi samarbeider tett på tvers av ulike yrkes- og faggrupper for å sikre den beste kvaliteten i pasientbehandlinga. Vi har eigne fasilitatorar i avdelinga som sørgjer for årlege HLR-simuleringar (hjarte-lunge-redning), og du vil også vere med på vekentlege simuleringar knytta til NEWS og akutte situasjonar. Dette gir deg eit trygt og utviklande arbeidsmiljø der fagleg kvalitet står i fokus.
Seksjonen samanbeitar med medisinsk intermeidær overvåkning (MIO). MIO er ein spesialpost for pasientar med akutte medisinske tilstander som treng overvakning. Dette kan til dømes vere akutt respirasjonsvikt som treng maskebehandling.
På poliklinikken har vi eit høgt aktivitetsnivå med over 5000 konsultasjonar årleg. Her utgreier og behandlar vi ulike sjukdomar som lungekreft, KOLS, astma, sarkoidose, lungefibrose og andre sjeldnare lungelidingar. Du vil jobbe saman med sjukepleiarar som er spesialiserte innan lungekreft, tuberkulose og heimesjukehus for pasientar med respirasjonssvikt, og vi har fokus på å gi best mogleg behandling til våre pasientar.
Det er også mogleg å bli tilsett i eit vikariat eller i redusert stilling dersom det er ønskjeleg.
Er du klar for nye utfordringar og spennande arbeidsdagar? Søk i dag og bli ein del av vårt team!Hos oss får du arbeide med:
- utgreiing, pleie og behandling av pasientar
- oppfølging av pårørande
- iverksetting av sjukepleiartiltak
- samhandling med kommunen
- veiledning av studentar og kollegaer
- deltaking i utviklings- og forbetringstiltak
Kvalifikasjoner
- Norsk autorisasjon som sykepleier.
- Relevant sjukehuserfaring er ein fordel.
- Kjennskap til, eller interesse for å lære meir om, hjartepasientar, lungesjukdomar og akutt kritisk sjuke.
- Gode norskkunnskaper er avgjørende for forsvalig pasientbehandling. Søker som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikke har fullført norskspråklig videregående skole, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annen norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedlegges søknaden. Ved tilsetting av allerede fast tilsett i foretaket kan en unntaksvis, i særlige tilfeller, fravike kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- trivast med å arbeide med mennesker.
- bidrar til gode og trygge pasientforløp.
- har evne til å motivere og engasjere.
- kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer.
- held deg roleg og objektiv i stressande eller krevande situasjoner.
- har god arbeidsmoral, ståpåvilje og er ansvarsbevisst.
- er fleksibel, liker variasjon og er god på samarbeid.
- kan arbeide sjølvstendig og i team. Er løysingsorientert og liker å arbeide i eit tverrfagleg/fleirfagleg miljø.
- ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Kvifor kome til oss?
- Tilpassa opplæringsprogram for å sikre at du føler deg trygg og ivaretatt
- Aktivt arbeidsmiljø med dyktige og hyggelege kollegaer
- Ein variert kvardag som byr på nye oppgåver og utfordringar som vi løyser saman
- Moglegheit for fagleg utvikling og støtte til vidareutdanning innan lunge-, kreft-, palliasjons- og intensivsjukepleie
- Du kan få anledning til å kombinere arbeidet på sengeposten med poliklinisk arbeid. Dette forutset kompetanse og ønske om ein slik kombinasjonsstilling. Alle som jobbar dagteneste i poliklinikken, jobbar også i sengeposten.
- Kombinasjonsstilling mellom sengepost og poliklinikk eller medisinsk intermediær overvakning (MIO), basert på kompetanse og interesse
- 12-månaders kalenderplan som gir rom for involvering og medverknad
- Individuelle kompetanseplanar i tråd med behov i organisasjonen.
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
- Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst.
Dersom ynskje om fortrinnsrett må dette oppførast i søknaden.
Mangfoldserklæring
Helse Fonna ønsker å speile mangfoldet i befolkningen i rekrutteringa vår. Vi oppfordrer alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillinger uansett kjønn, alder, funksjonsevne og flerkulturell bakgrunn. Det same gjelder dersom en har hatt et lengre opphold fra arbeidslivet. Helse Fonna ønsker å legge til rette for inkluderende rekruttering.
Kontaktinformasjon
Ranveig Neset Enerstvedt, Funksjonsleder, 98879205, ranveig.neset.enerstvedt@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4908369713
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.03.2025
Søknadsfrist: 09.02.2025
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2838097
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2130c12e303e4566a3e1d85cabf44f4f