Hopp til innhold

Miljøterapeut 100 % fast stilling

Arbeidsgiver

Kommunalområde helse, Sykkylven kommune

Sted

Haugneset 16, 6230 Sykkylven

Om jobben

Stillingstittel
Miljøterapeut 100 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 7. april

Avdeling Psykisk helse og rus har ledig ei spennande fast stilling som miljøterapeut.
Stillinga er spesielt retta mot vaksne over 18 år med ROP lidingar og tilbod om samtaler for deira pårørande. Målet med stillinga er å vere bidragsytar til betra livskvalitet og meistring, med moglegheit for ein aktiv og meiningsfylt kvardag for personar med rusmiddelrelaterte problem.

Psykisk helse og rus held til i heilt nye lokale i Sykkylven Helsehus der dei er samlokalisert med legetenesta og heimebasert omsorg. 

Kan dette vere noko for deg? Då hører vi gjerne frå deg!


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet består av å vere ein aktivt deltakande medarbeidar i teamet som består av eit tverrfagleg team med avdelingsleiar, psykologspesialist, sosionom, vernepleiar og sjukepleiar
  • Du har fast samhandling med teamet men jobbar og sjølvstendig.
  • Å drive oppsøkande teneste med mellom anna ADL trening er ein viktig del for denne brukargruppa. Arbeidet vil også innehalde støttesamtalar, rettleiing, der ein evnar å nytte kvardagslege situasjonar terapeutisk

Kvalifikasjonar

  • Du må minimum ha ei treårig høgskuleutdanning som sikrar at du er i stand til å løyse arbeidsoppgåvene 
  • Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein medarbeidar som har ei spesiell interesse for brukargruppa
  • Ha evne til å sjå moglegheiter og ressursar i den enkelte
  • Du har gode samarbeidsevner men kan også arbeide sjølvstendig.
  • Du må takle å arbeide i stressande situasjonar og ha evne til å arbeide strukturert og målretta

Personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Nye og moderne kontorlokale
  • Fagleg utvikling og samarbeid på tvers av avdelingar i kommunen

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765, kanutte.roald@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 16
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5092153828
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Kanutte Roald

Einingsleiar Helsehus

98876765

kanutte.roald@sykkylven.kommune.no

Om bedriften

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. 
Sjå meir frå Sykkylven
 her

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8a111626-8977-469d-b572-b5b44481722f

Sist endret

9. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

05e9c10247964510aa27f25cdbb33cd6

Lignende annonser