Foldnes skule
Øygarden kommune Foldnes skule
Skiftedalsvegen 1, 5354 Straume, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
2 ledige lærarstillingar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest fredag 5. september
Om avdelinga:
Foldnes skule ligg på Litle Sotra i Øygarden kommune, om lag 20 minutt frå Bergen sentrum. Skulekrinsen dekkjer Foldnes, Våge og Anglevik. Skulen er ein fulldelt barneskule med 285 elevar fordelt på 14. klassar.
Vi har ledig to lærarstillingar:
Kvalifikasjonar:
- Godkjend grunnskulelærarutdanning 1-7 eller 5-10
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Har fagleg tyngde, viser omsorg, er open og trygg i di rolle og taklar utfordrande situasjonar
- Er ein god relasjonsbyggar
- God og tydeleg klasseleiar
- Er positiv, engasjert, nysgjerrig og har pågangsmot
- God på organisering og systemarbeid
- Høg personleg og profesjonell integritet
- Er lojal mot skulen sine verdiar og mål
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt
Ragnhild Knudsen Magerøy
Rektor Foldnes skule
Telefon: 90189593
Epost: ragnhild.mageroy@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
89f38da7-f006-4e48-9b3c-dbf1d8082060
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3536163_210185_nn