Er du vår nye miljøterapeut?
Hjartdal kommune Oppvekst og kultur
Saulandsvegen 414, 3692 Sauland
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut førebyggande arbeid for barn og unge
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Er du oppteken av eit godt og inkluderande oppvekstmiljø, med fokus på førebyggande arbeid og samhandling? Da er dette ei spanande stilling å søke på.
Vi har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut i førebyggande arbeidInteressant? Da håpar vi du les vidare!
Dette er ei nyoppretta stilling som er underlagt kommunalsjef for oppvekst og kultur. Du som søkjer stillinga ønsker å vera pådrivar for at barn og unge i Hjartdal får veksa opp i eit trygt barnehage/skule- og fritidsmiljø.
Dette er dine kvalifikasjonar
- Bachelor i helse- eller sosialfag eller barnevernspedagog. Anna relevant utdanning kan vere aktuelt.
- Det er ønskeleg med erfaring frå liknande arbeid
Dette tilbyr vi deg
Gode folk rundt deg. Som miljøterapeut for førebyggande arbeid vil du vere del av eit fleirfagleg team.
Du får rom for sjølvstende og kreative løysningar. Du får ta del i å planlegge og utforme korleis det førebyggande arbeidet skal vere i Hjartdal kommune. Vårt mål er å leggje til rette for inkluderande oppvekstmiljø for alle barn og unge.
Førebyggjande arbeid for eit trygt og godt barnehage/skule- og fritidsmiljø. Du skal jobba med aktørar som treff barn og unge både i barnehagen, på skulen og på fritida, og som aktivt jobbar for å førebygga rus og kriminalitet. Du vil også jobba i feltet og vera i kontakt med aktuelle fritidsmiljø for aldersgruppa 0-18 år.
Å koordinera tenester. Du vil koordinera og bidra til godt samarbeid mellom aktørar som jobbar for eit trygt og godt oppvekstmiljø.
Å rettleia barnehagane og skulane. Du skal rettleia i arbeid for eit trygt og godt barnehage og skulemiljø. Du vil også ta initiativ til opplæring i bruk av metodar og verktøy for å undersøka i barnehage-og skulemiljøsaker.
Saksansvar for ungdomsundersøkingar og andre utgreiingar innafor feltet etter avtale med kommunalsjef for oppvekst.
Viktige roller som sekretær i arbeidsgruppa til politirådet, koordinator for kommunen sitt ungdomsråd, kommunen sin barnekoordinator, ansvarleg for sommarskulen og SLT-kontakt.
Visste du forresten at Hjartdal er ein kommune med MOT?
- MOT til å leve: Vere seg sjølv, leie seg sjølv, ha passion, akseptere at ein ikkje alltid er bra.
- MOT til å bry seg: skape godkjensle hos andre, vise respekt, vise kjærleik, vise omsorg for dei som er utanfor.
- MOT til å seie nei: prioritere, stå for eigne verdiar, våge å seie ifrå, praktisere tøff kjærleik.
Vi trur dette er deg
- Du likar å motivere andre
- Du identifiserer utfordringar og følgjer opp tiltak
- Du er strukturert
- Du har gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse
- Du trivast i eit aktivt miljø
- Du er fleksibel
- Du er løysingsorientert
Konkurransedyktige ordningar for deg som tilsett
- Du blir tilsett basert på gjeldande lovar, reglement og tariffavtaler
- God forsikrings- og pensjonsordning
Her er litt ekstra informasjon som er greitt å vere klar over
- Blir du kalla inn til intervju? Vi gleder oss til å prate med deg! Men du - hugs å ta med ein kopi av vitnemål og attestar.
- Prøvetida di er på 6 månadar.
- Det er krav om politiattest jf. Opplæringslova § 10-9.
- Skal du bli tilsett, må du vere personleg egna for stillinga.
Kva seier du? Vil du jobbe hos oss?
Nå manglar det berre å sende oss ein søknad via elektronisk søknadsskjema.
Har du nokre spørsmål? Ta kontakt med oppgitt kontaktperson som gjerne svarar deg på det du lurar på!
Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli det. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, blir du varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.
Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikkje å bli kontakta.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2297610
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3139525_230967_nn