MILJØ- OG KVALITETSRÅDJEVAR
Nordfjord Miljøverk Iks
Eidsmona 36, 6823 Sandane, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Miljørådgiver
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 9. mai
Send søknad til
Er du nøyaktig, sjølvgåande og analytisk, trur vi du trivst i denne stillinga. Om du i tillegg har eit stort engasjement for bransjen og å ta vare på miljøet, håper vi du vil søkje på stillinga!
Litt om ossNoMil skal vere ein hyggjeleg plass å arbeide, med sterk fokus på arbeidsmiljøet og at våre tilsette skal ha ein trygg arbeidsplass. Vi har fokus på HMS og ynskjer at du bidreg til at vi når våre mål.
NoMil søkjer no etter miljø- og kvalitetsrådgjevar med ansvar for oppfølging av den operasjonell miljøovervakinga i verksemda i tråd med gjeldande miljøkrav og utsleppsløyve.
Du vil i tillegg få oppgåver innan rapportering til myndigheiter og vere ein viktig ressurs innan miljøfaglege vurderingar, HMS og utvikling av berekraftige avfallsløysingar i verksemda.
Som miljø- og kvalitetsrådgjevar vil du og bli med å utvikle verksemda i tråd med overordna mål.
Personlege eigenskaparVi ser etter ein miljø- og kvalitetsrådgjevar med høgare relevant utdanning, relevant arbeidserfaring kan det kompensere for manglande formell utdanning. Du har god planlegging- og gjennomføringsevne, arbeider systematisk med høg kvalitetsfokus.
Miljø- og kvalitetsrådgjevar må ha god kjennskap til gjeldande myndigheitskrav, miljøregelverk og erfaring innan ytre miljøarbeid. Du må beherske norsk og engelsk skrifteig og munnleg.
Vi tilbyr· spennande og utfordrande oppgåver innan det grøne skifte i ein framtidsretta bransje
· ein attraktiv arbeidsplass med gode kollegaer
· Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
· gode pensjons- og AFP ordning gjennom KLP som og tilbyr gunstige private lån og forsikringar
Nomil er oppteken av å ha gode og ryddige forhold på arbeidsplassen, og gje god opplæring og personleg utvikling til våre tilsette.
Oppmøtestad er hovudanlegget i Eidsmona på Sandane i Gloppen kommune.
Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til HR-leiar Alexander Wilke, 923 00 428 eller dagleg leiar Inge Bent Arnestad tel 959 72 144 eller, eller sjå www.nomil.no. Søknad med CV skal sendast til e-post soknad@nomil.no og merka <<Miljø- og kvalitetsrådgjevar>>. Søknadsfrist: 9. mai 2025.Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nordfjord Miljøverk - NoMil - er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og Kinn. Selskapet si hovudoppgåve er knytt til avfalls-handtering i kommunane. Selskapet har hovudkontor på Sandane med avdelingar på Nordfjordeid og i Florø
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2922908
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
89c21922-8d06-40b3-9822-33d23a69320f