Politibetjent 3/2/1 - Operativ førebyggar
Indre Sunnmøre politistasjonsdistrikt, Møre og Romsdal politidistrikt
Torvmyrane 11, 6160 Hovdebygda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Politibetjent 3/2/1 - Operativ førebyggar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Førebygging er politiet sin hovudstrategi og ligg til grunn for all oppgaveløysing. No treng vi ein ny operativ førebyggar i Indre Sunnmøre politistasjonsdistrikt! Vi søkjer deg som er samfunnsorientert, har gode kommunikasjonsevner og har lyst å bidra i videreutviklinga av det førebyggande arbeidet i Møre og Romsdal politidistrikt.
Ungdomskriminalitet er ein av politidistriktet sine satsingsområder og vil vere ein stor del av det kriminalitetsførebyggande arbeidet. Er du motivert for å utgjere ein forskjell og villig til å strekke deg langt for å oppnå dei måla vi set i det kriminalitetsførebyggende arbeidet er dette stillinga for deg!
Oppgåvesettet er breitt og variert som krev at du handterer høgt arbeidspress, forventningar og ansvar, og at ein evner å omstille seg i ein hektisk arbeidskvardag. Som operativ førebyggar vil du jobbe særskilt tett på andre førebyggande funksjonar og etterretningsfunksjonen, samt mykje samhandling med øvrige fagområde i politiet og eksterne aktørar.
Stillinga blir ein del av den operative førebyggande patrulja og vil i hovudsak utføre oppgåver innanfor Indre Sunnmøre politistasjonsdistrikt, Ulstein og Hareid politistasjonsdistrikt og Søre Sunnmøre politistasjonsdistrikt. Denne delen av Sunnmøre byr på mektige naturopplevingar, og med nærmare 60 000 innbyggjarar er her eit mangfoldig tilbod innan fritidsaktivitetar og kulturelle opplevingar.
Oppmøtestad for stillinga er ved Volda og Ørsta politistasjon i Hovdebygda.
Arbeidsoppgåver
- Utøve kunnskapsstyrt og målretta kriminalitetsførebyggande og haldningsskapande arbeid innan prioriterte kriminalitetsområde
- Oppfølging av personar i faresona, herunder gjennomføring av bekymringssamtalar, rusoppfølging, alternative straffereaksjonar eller andre kriminalitetsførebyggande metodar og tiltak
- Samarbeide tett med lokal etterretning, etterforsking, politikontakter, andre førebyggande funksjonar, seksjon for vakt og beredskap og øvrige avdelingar vedrørande personar, miljø, trendar og kriminalitetsutvikling
- Gjennomføre kriminalitetsførebyggande tiltak i samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Foredrag- og informasjonsverksemd, internt og eksternt
- Informasjonsinnhenting knytt til definerte etterretningsbehov, gjennom menneskelege og tekniske verkemiddel
- PPS (politiarbeid på staden) og øvrige etterforskingsoppgåver relevant for funksjonen ved særskilt behov
- Bidra til å vidareutvikle driftseininga si tilnærming til det førebyggande arbeidet, i tråd med etablert hovedstrategi for politiet
- Uniformert og tillitsskapande polititeneste
- Turnusteneste hovudsakleg dag, kveld og helg
- Øvrige oppgåver etter avtale
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Fullført og bestått Politihøgskolen ved tiltreding. Vitnemål skal leggast ved. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå; https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx
- Operativ godkjenning i minimum kategori 4 eller vere kvalifisert og villig til å bli IP-godkjent
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet.
- Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven §41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Ønskeleg:
- Erfaring og/eller vidareutdanning innan kriminalitetsførebygging
- Erfaring med førebyggande arbeid opp mot offentlege verksemder
- God kunnskap om kunnskapsbasert og kriminalitetsførebyggande arbeid og metodikkar
- Erfaring/kompetanse og/eller vidareutdanning innan etterretning
- Erfaring/kompetanse og/eller vidareutdanning innan innhenting gjennom menneskelege eller tekniske kjelder
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne aktørar
- Erfaring frå personorientert førebygging, herunder bekymringssamtalar, avklaringssamtalar og som politikontakt i høve ungdomsoppfølging og ungdomsstraff
- Gode kunnskapar om politiet sine datasystem
Personlege eigenskapar
- Du har forståing og motivasjon for kunnskapsbasert politiarbeid, etterretning og førebygging som hovudstrategi
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner både internt og eksternt
- Sosial kompetanse, evne til å skape gode relasjonar, spesielt med barn og unge
- Sjølvstendig og med høg gjennomføringsevne
- Du er strukturert, men kan utvise stor grad av fleksibilitet når situasjonen krev det
Som medarbeider i politiet har du høgt etisk medvit, du kjenneteiknast av å være modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om våre etiske retningslinjer og medarbeidarplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida.
- Fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt. Tilsetting er avhengig av erfaring og kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
- Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 560 000 - kr. 655 000
- Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 500 000 - kr. 550 000
- Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 475 000 - kr. 535 000
- Ved endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldende lønnsnivå for området
- Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange goder i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk
- Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- Mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Oddbjørn Myklebust, Politistasjonssjef, 70118700Arbeidsstad
Torvmyrane 116160 Hovdebygda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4943558784
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 14.04.2025
Om bedriften
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2903606
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4e5c98b4c7e7459aa052a7af67d54685