Hopp til innhold

Postdoktor i multifunksjonalitet i graslandskap

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Christiesgt. 18, 5020 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Postdoktor i multifunksjonalitet i graslandskap
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Engelsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. november

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Postdoktorstilling 

Ved Institutt for biovitenskap ved Universitetet i Bergen er det ei ledig stilling som postdoktor knytt til forsking på multifunksjonalitet i graslandskap. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år. Stillinga er knytt til det europeiske samarbeidsprojektet Horizon GrassConnect, finansiert av EU. 


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Som postdoktor i eit stort internasjonalt og tverrfagleg lag vil du bruke romlege modelleringsteknikkar for å undersøkje korleis jordbruksmetodar påverkar økosystemtenestemangfaldet i europeiske jordbrukslandskap. 
  • Dette vil krevje etablering av ein romleg eksplisitt modell for multifunksjonalitet på gardsnivå og parametrisering av denne ved hjelp av ei kombinasjon av opne fjernmålingsdata, økologiske plotnivådata og samfunnsvitskaplege data frå europeiske jordbrukslandskap, inkludert «Multi-Actor Grassland Hubs» (MagHubs) i konsortiumprosjektet GrassConnect.
  • Effekten av forvaltningspraksisar på biologisk mangfald og ei rekke økosystemtenester, og den tilsvarande påverknaden av desse endringane på grasmarkaktørar, vil deretter bli undersøkt i simuleringar.
  • Sluttproduktet vil vere detaljert kunnskap om korleis ulike økologiske praksisar påverkar bønder og landbrukssamfunn, og identifisering av strategiar som aukar berekraftig produksjon og mangfald i europeiske graslandskap. Ved å aktivt involvera bønder og andre relevante aktørar gjennom heile forskingsprosessen, ønskjer vi å auke relevansen til og bruken av løysingane som blir identifiserte.
  • Arbeidet vil også gje høve til å utvikla grunnleggjande forståing av drivkreftene bak landskapsmangfald, til dømes teoretisk utvikling. Postdoktoren vil få stønad og nettverk innan labgruppa til professor Peter Manning, den terrestriske økologigruppa ved UIB og SAFER-konsortiet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innanfor økologi, geospatial analyse, økosystemtenester, agronomi eller tilsvarande. Søkjarar må ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.      
  • Erfaring frå eller kompetanse innan avansert statistisk analyse og/eller romsleg analyse er eit krav. 
  • Erfaring med bruk av relevante dataprogram for å utføre komplekse oppgåver, slik som R, ArcGIS og Python er eit krav.
  • Erfaring med kartlegging eller modellering av økosystemtenester er eit føremon. 
  • Erfaring frå eller kompetanse innan europeiske jordbrukssystem og/eller økosystemtenester knytt til landsbrukslandskapet er eit føremon. 
  • Erfaring frå tverrfagleg forsking innafor økologi, samfunnsvitskap eller agronomi er eit føremon. 
  • Kapasiteten til å produsere arbeid med høg akademisk kvalitet for publisering i ledande vitskapelege journalar, vist gjennom eksisterande publikasjonar og/eller gjennom demonstrasjon av skriftelege og tekniske ferdigheiter (eks i analyse eller skaping av figurar) er eit krav. 
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner med andre i ein tverrfagleg gruppe. 
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

    Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.


Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Kandidatar som manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, vil få høve til kvalifiserande arbeid, anten i åremålsperioden eller gjennom eventuell forlenging av åremålsperioden (maks fire år totalt).Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. 


Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 685 900. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane. 
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga. 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert. 
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Peter Manning, Professor i Global endringsøkologi, peter.manning@uib.no eller Sophie O’Brien, postdoktor, Universitetet i Bergen Sophie.Adelaide.Obrien@uib.no 

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgivar Magnus Skogstad, magnus.skogstad@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.    

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

89adec47-74a2-4248-9173-0cc56f25ad67

Sist endret

23. oktober 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10313861

Lignende annonser

Laster lignende annonser