Postdoktor ved Det juridiske fakultet
Universitetet i Bergen
Magnus Lagabøtes plass 1, 5010 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Postdoktor ved Det juridiske fakultet
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 29. november
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktorstilling
Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei postdoktorstilling med fokus på korleis generativ kunstig intelligens påverkar juridisk utdanning. Stillinga er knytt til forskingssenteret AI LEARN koordinert av det Det psykologiske fakultet, med Det juridiske fakultet som partnar. AI LEARN er eit av seks nasjonale forskingssenter for kunstig intelligens finansiert av Noregs forskingsråd. Stillinga er for ein periode på 3 år med moglegheit for utviding inntil eit år.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Om AI LEARN
AI LEARN er eit nasjonalt senter som er dedikert til å styrke menneskeleg læring gjennom ansvarleg, menneskesentrert kunstig intelligens. I ei verd kor KI-system endrar måten vi lærar, arbeider, skapar, leiar og deltek i demokratiet på, tek senteret for seg moglegheitene og farane ved hybrid intelligens – menneske og maskinar som arbeider og lærer saman. Målet er å etablere eit internasjonalt leiande tverrfagleg knutepunkt som fremmer grunnleggande forsking, ansvarleg innovasjon, robust styring og brei kapasitetsbygging. AI LEARN er eit konsortium beståande av 35 nasjonale og internasjonale partnarar frå akademia og offentleg og
privat sektor.
Om postdoktorprosjektet
Utviklinga innan generativ kunstig intelligens reiser grunnleggjande spørsmål om kva som vil vere relevant juridisk kompetanse i framtida, og kva konsekvensar dette bør få for innhaldet i og forma på jussutdanninga. Utviklinga aktualiserer òg eit behov for kunnskap om korleis jusstudentane sin bruk av generativ kunstig intelligens i lærings- og vurderingssituasjonar påverkar tilnærminga deira til eigen læring og juridisk problemløysing. Postdoktorprosjektet skal bidra til å utvikle kunnskap på desse temaa, med særleg vekt på kva handlingsrom dei rettslege rammene for høgre utdanning gjev for god pedagogisk praksis i møte med generativ kunstig intelligens.
Stillinga er knytt til klynga styring, etikk & regulering («Governance, Ethics & Regulation») som er leia av professor Malgorzata Cyndecka ved Det juridiske fakultet.
- Arbeide med vitskapeleg arbeid som hovud- eller medforfattar som skal resultere i minimum 4 fagfellevurderte publikasjonar.
- Bidra til å formidle prosjektresultata og kunnskap om prosjektet på relevante arenaer.
- Delta på og vere med å organisere aktivitetar i prosjektet, i tett samarbeid med leiaren av klynga og dei andre prosjektmedlemane i senteret.
- Delta aktivt som medlem av og bidragsytar til Forskargruppa for informasjons- og innovasjonsrett og til forskingssenteret AI LEARN, og bidra til eit godt fagmiljø ved fakultetet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Du må ha norsk mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning.
- Du må ha doktorgrad i rettsvitskap. Det er ein føresetnad at du har levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Doktorgraden må vere oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Det er ein fordel å ha forskarerfaring knytt til juss, pedagogikk og KI.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert.
- Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å bidra til fagleg utvikling.
- Du må ha kunnskapar på høgt nivå i både engelsk og norsk, så vel munnleg som skriftleg.
Vurderinga av søkarane vil leggje vekt på kvaliteten på prosjektomtalen og relevansen for prosjektet. Vurderinga vil òg leggje vekt på søkjaren sine faglege og personlege føresetnadar for å bidra til fagmiljøet ved fakultetet. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju.
Om postdoktorstillinga
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Normal åremålsperiode for stillinga er tre år med moglegheit for utviding inntil eitt år. Avgjerda om utvida tid, som skal nyttast til anna karrierefremmande arbeid som mellom anna undervisning og arbeid i tilknyting til forskingsprosjekt, skal vurderast særskilt etter søkarens kvalifikasjonar. Avgjerda treffast innan seks månader etter tilsetting. Undervisning skal kunne gjennomførast innanfor dei obligatoriske emna i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB
Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Løn som postdoktor (kode 1352 ) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årslønn på kr. 728 000 – 800 000. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg høgt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- Søknadsbrev (fyllast ut i søknadsportalen). Ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga, og korleis dette samsvarer med prosjektmåla i forskingsprosjektet.
- CV (fyllast ut i søknadsportalen).
- Ei prosjektomtale (minimum 7 sider og maksimum 10 inkludert referansar) som inneheld ei beskriving av postdoktor-prosjektet sitt overordna tema, mål, teori og metode, samt ein plan for gjennomføringa av prosjektet og ei vurdering av risiko du ser ved det planlagde prosjektet og korleis denne er tenkt handtert.
- Kopiar av karakterutskrifter og vitnemål.
- Liste over vitskapleg arbeid (publikasjonsliste).
- Full versjon av doktoravhandlinga og inntil 3 andre faglege publikasjonar i pdf-format. Publikasjonane må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, med mindre anna er avtalt. Søkar kan velje å inkludere upubliserte manuskript.
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar er eit føremon, ein av desse bør fortrinnsvis vere hovudrettleiaren frå doktoravhandlinga.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemåla karakter-utskriftene og anna dokumentasjonen ikkje er på eit av disse språka. Det må også leggjast ved eit Diploma Supplement med standardisert omtale av oppbygging, nivå, struktur, innhald og status av utdanninga til søkjaren. Søkjarar med utdanning frå utanfor Skandinavia, vil få si utdanning evaluert med utgangspunkt i HK-dir. sine retningslinjer for godkjenning av utanlandsk utdanning.
Søkjarar med anna morsmål enn norsk (eller eit anna skandinavisk språk) må òg leggje ved attest eller anna relevant dokumentasjon som viser at dei har språkkunnskapen som krevjast for stillinga.
Søknaden og prosjektomtalen kan skrivast norsk eller eit anna skandinavisk språk. All dokumentasjon må vere lagd ved søknaden. Søknad og vedlegg må lastast opp i JobbNorge via lenkje på denne sida merka «Søk stillingen».
Søknaden skal vere komplett innan søknadsfristen. Søknader som ikkje inkluderer alle obligatoriske vedlegg vil ikkje bli vurdert.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga og prosjektet kan ein få ved å vende seg til Professor Jan-Ove Færstad (e-post Jan-Ove.Farstad@uib.no).
Utfyllande informasjon om rekrutteringsprosessen og tilsettingsvilkår kan ein få ved å vende seg til HR ved fakultetet (e-post hrjur@uib.no).
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7874321d-3e03-4a23-9ceb-49b4703d855c
- Sist endret
23. oktober 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10313804