IT-konsulentar og rådgjevarar
Tussa IKT AS
Langemyra 6 , 6160 Hovdebygda
Om jobben
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vil du vere med på storsatsinga på Azure og Microsoft 365?
Vi opplever stor etterspurnad etter IT-tenester, og har no vedteke ei strategisk satsing som styrkjer posisjonen vår som totalleverandør av IT-tenester. Vi søkjer difor fleire dyktige konsulentar, seniorkonsulentar og rådgjevarar knytt til Microsoft 365 og Azure. Oppmøtestad for stillingane er i Ålesund eller Ørsta.
Tussa har eit av dei største IKT-miljøa på Nord-Vestlandet. Vi har arbeidd med datasenterteknologi i mange år, er ISO 27001-sertifisert og er Microsoft Gold Partnar.
Sjå full utlysing og søknadsskjema på tussa.no/karriere
Om bedriften
Tussa IKT as er eit dotterselskap i Tussakonsernet og har om lag 70 tilsette. Selskapet har to forretningsområde: IT og kommunikasjon. Breibandsnettet til Tussa dekkjer heile søre Sunnmøre, og selskapet har ei offensiv fibersatsing mot privatmarknaden og bedriftsmarknaden. Parallelt med dette vert det satsa sterkt på IT-tenester til næringslivet. Selskapet har hovudkontor i Hovdebygda/Ørsta, og har avdeling i Ålesund.
Sjå www.tussa.no
Sektor
Privat