Førstekonsulent
Kommunal- og distriktsdepartementet
Akersgata 59, 0180 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- ASO ØS - førstekonsulent
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 18. mai
Om stillinga
Vi har ledig ei fast stilling som førstekonsulent i seksjon for økonomi og styring (ØS) i avdeling for styring og organisasjon. Seksjonen samordnar statsbudsjettet og statsrekneskapen for Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD), og vi arbeider aktivt med å utvikle etatsstyringa på tvers av departementet. Vi handterer også riksrevisjonssaker, tilskotsforvaltning og verksemdstyring.
Hos oss får du eit variert arbeidsområde, og vi ser etter deg som har lyst til å arbeide med statsbudsjettet og bidra i eit breitt spekter av oppgåver - frå etatsstyring og riksrevisjonssaker til ulike utgreiings- og utviklingsoppgåver. Du vil arbeide tett saman med både fagavdelingane, politisk leiing og Finansdepartementet og få høve til å bidra i ulike faglege arbeid og prosessar på tvers.
I seksjonen møter du engasjerte og hyggelege kollegaer som er opptekne av å gjere ein god jobb. Vi arbeider tett saman og støttar kvarandre. Med den breie porteføljen vår får du raskt innsikt i arbeidet i departementet og gode høve for fagleg utvikling.
Dette får du jobbe med
Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna å
- utarbeide avgjerdsgrunnlag for regjeringa sitt budsjettarbeid
- utarbeide budsjettproposisjonar i tett samarbeid med dei andre avdelingane
- kvalitetssikre og koordinere innspel frå heile departementet
- ha kontroll på tekst og talmateriale i budsjettsakene
- leggje opp til gode prosessar for budsjettarbeidet
- utvikle styringa av underliggjande verksemder
- vere ein fagleg bidragsytar og sparringspartnar for dei andre avdelingane
Vi søkjer deg som har
Nødvendige kvalifikasjonar- Mastergrad innan samfunnsvitskap, gjerne samfunnsøkonomi.
- Interesse for statsbudsjettet og offentleg forvaltning.
- God digital kompetanse og systemforståing.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
Vi oppmodar òg dei som fullfører mastergraden sin i løpet av våren og sommaren 2026, til å søkje.
Karakterar vil bli tillagde vekt.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som kommuniserer godt, likar å samarbeide og finn smarte løysingar saman med andre. Du er god til å strukturere informasjon, vurdere utgreiingsbehov og halde framdrifta i eigne saker. Ein del av oppgåvene våre har korte fristar, så fleksibilitet og god evne til å prioritere er viktig. I tillegg ser vi etter deg som
- er god på prosess og på å halde framdrift og fristar
- har gode analytiske evner og evne til å sjå heilskap og samanhengar i komplekse problemstillingar
- er løysingsorientert
- har evne til å levere godt under høgt tempo og korte tidsfristar
Vi vil leggje stor vekt på om du er personleg eigna for stillinga.
Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.
Vi tilbyr
Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. Vi tilbyr
- kompetanseutvikling i eit sterkt fagmiljø
- fleksibel arbeidstid, betalt overtid og sommartid
- arbeidsplass sentralt i Oslo sentrum
- moglegheit for trening i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne- forsikrings- og pensjonsordningar
- eit aktivt sosialt miljø med mange tilbud for tilsette, eige bedriftsidrettslag og bedriftshelseteneste
Som ny i KDD får du heilt frå starten av oppgåver som utfordrar deg, og du får ein fadder som følgjer deg opp. Departementet har eit introduksjonsprogram der du blir kjend med nytilsette i dei andre avdelingane. For tilsette under 40 år er det ei eiga foreining, Ung i KDD. Nettverket skal bidra til å skapa ein arena der unge i departementet kan møtast jamleg til faglege og sosiale samankomstar. Ønskjer du å lære meir om korleis det er å jobba hos oss, kan du lesa meir her: Tilsette om KDD – Jobb i KDD (regjeringen.no).
Løn: Stillinga er løna som førstekonsulent frå kr 600 000 - 650 000 pr. år. Stillings- og lønsinnplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar. Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Autorisasjon: Tilsette i Kommunal- og distriktsdepartementet må kunna autoriserast for tilgang til informasjon etter sikkerheitslova. Les meir om autorisasjon her.
Slik søkjer du
Søknadsprosessen
Vi er opptekne av kva kompetanse og erfaringar du har, og ber deg derfor om å svare på nokre faglege spørsmål i staden for å skrive ein søknadstekst.
Når du trykkjer på «Søk stillinga», kjem du til rekrutteringsportalen, der du må logge inn. I portalen er det viktig at du
- svarer på dei innleiande spørsmåla (spørsmåla erstattar søknadstekst)
- legg ved vitnemål
- fyller ut CV-felta
Fyll ut alle felta sjølv om du legg ved ein ferdig utfylt CV. Det er nødvendig mellom anna for at vi skal kunne oppfylle kravet om fullstendige søkjarlister.
Inkludering og mangfald
Me meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Me vil leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vera tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Les meir om inkludering og mangfald her.
Bakgrunnssjekk før tilsetjing
KDD nyttar Semac bakgrunnssjekk i gjeldande rekrutteringsprosess. Bakgrunnssjekk blir utført etter samtykke frå kandidaten, og inneber mellom anna at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga. Tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk.
Offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova §25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista.
Kontaktpersonar
For nærmare opplysningar om stillinga: Kontakt avdelingsdirektør Janne Marie Larsen på tlf. 930 24 965. For nærmare opplysningar om rekrutteringsprosessen kontakt Christina Ystebø Wright på e-post Christina-Ystebo.Wright@dss.dep.no.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har om lag 230 tilsette og er sekretariat for kommunal- og distriktsministeren. Departementet har ansvar for kommuneøkonomi og lokalforvaltning, regional- og distriktspolitikk, bustadpolitikk, plan- og bygningslova, kart- og geodatapolitikken, valgjennomføring og politikken overfor samar og nasjonale minoritetar. Departementet har fleire underliggjande etatar og verksemder, som Direktoratet for byggkvalitet, Distriktssenteret, Husbanken, Internasjonalt reindriftssenter, Kartverket og Valdirektoratet.
Avdeling for styring og organisasjon har ansvar for å fremje god, sikker og heilskapleg styring av departementet og sektor. Kvalitet og nytenking er sentralt i avdelinga sitt arbeid, der tryggleik og beredskap er ein integrert del. Avdelinga er ein medspelar for dei andre avdelingane, og har ei sentral rolle i at vi bruker ressursane effektivt, der kompetanse, leiing og organisering understøtter KDD sitt kjerneoppdrag. ASO har ansvaret for statsbudsjettprosessen og eit overordna samordningsansvar i departementet. ASO har ei overordna rolle i utviklingsarbeidet i KDD og sektor, og skal sikre gode kunnskapsgrunnlag, og at arbeidet skjer i tråd med gjeldande departementsstrategi og fagleg analyse.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
89788eee-3acc-40b6-bb25-f7291f2d274f
- Sist endret
30. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10294137