Hopp til innhold

Klinisk ernæringsfysiolog

Arbeidsgiver

Medisinsk klinikk/ Seksjon for klinisk ernæring, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Klinisk ernæringsfysiolog
Oppstart
1. februar 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Fast stilling som klinisk ernæringsfysiolog ved Mage-tarmskulen.

Seksjon for klinisk ernæring ved Haukeland universitetssjukehus søker engasjert og fagleg sterk klinisk ernæringsfysiolog til 100% fast stilling ved Mage-tarmskulen. Dette er ein unik moglegheit til å bli ein del av eit stort og fagleg sterkt ernæringsmiljø.

Mage-tarmskulen er eit nasjonalt digitalt behandlingstilbod for pasientar med irritabel tarmsyndrom. Tilbodet er mellom dei aller første digitale behandlingstilboda i somatikken og er i kontinuerleg utvikling. Mage-tarmskulen er tverrfageleg. Klinisk ernæringsfysiologar har sentrale roller i drift og utvikling av tenesten. Mage-tarmskulen er organisert under fleire seksjonar i Medisinsk klinikk, med eit hovudansvar lagt til Seksjon for klinisk ernæring. Mage-tarmskulen har i dag 3,0 årsverk klinisk ernæringsfysiolog fordelt på eit team av fem kliniske ernæringsfysiologar.

Den utlyste stillinga er ei 100% fast stilling med oppstart frå januar/februar 26. Arbeidet vil i primært vera knytt til magetarmskulen, men kan i periodar også vera knytt til oppgåver ved Seksjon for klinisk ernæring.


Arbeidsoppgåver

  • Rettleiing og behandling av pasientar i Mage-tarmskulen
  • Utvikling og forbetring av Mage-tarmskulen
  • Prosjektkoordinering
  • Dataanalyse og rapporteringsarbeid
  • Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper
  • Undervisning og rettleiing av pasientar og pårørande
  • Utdanning av studentar og anna helsepersonell
  • Ernæringsutgreiing og -behandling av pasientar tilvist til seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog
  • Erfaring frå digital behandling eller Magetramskulen blir vektlagt
  • Erfaring med innovasjonsarbeid, prosjektleiing/koordinering  og kvalitetsutvikling blir vektlagt
  • Erfaring med databehandling og statestikk er ønskeleg
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Erfaring frå sjukehus eller spesialisthelsetenesta
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg er ein føresetnad
  • Kjennskap til DIPS Arena og MEONA er ein fordel

Personlege eigenskapar


Vi ser etter deg som

  • Er sjølvstendig, strukturert og fagleg engasjert
  • Trivst i ein innovativt miljø i utvikling
  • Har god forståing for prioritering og tidsbruk, og evnar å fordele innsatsen slik at ulike arbeidsoppgåver blir løyst innanfor rimelege tidsrammer
  • Har gode samarbeidsevner og trivst i pasientkontakt
  • Er løysingsorientert og utviklingsvillig
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø
  • Varierte og utviklande arbeidsoppgåver
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Aktivt bedriftsidrettslag og godt sosialt miljø

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Linn Anja Slåke Vikøren, Seksjonsleiar, 98298303

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5046512190
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2026
Søknadsfrist: 10.12.2025

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8964ce86-8c83-4908-90cd-c9ce15155d6d

Sist endret

11. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

7a05ce1c22d84bf7b6ed301ce1990d22

Lignende annonser

Laster lignende annonser