Fysioterapeut med ansvar for rehabiliterings- og korttidsavdelinga- 100% vikariat
Ergo/fysio og friskliv, Vinje kommune
Vinjevegen 212, 3890 Vinje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fysioterapeut med ansvar for rehabiliterings- og korttidsavdelinga - 100% vikariat
Oppstart
15. februar 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vinje er kommunen for deg som søkjer vakre naturopplevingar!
- Du som likar å jakte, fiske og drive med ulike friluftsaktivitetar
- Du som trivst best i slalombakken, i langrennsløyper innover vidda eller på høge toppar
- Du som blir lokka av det nære og trygge
- Du som trivst i eit lokalmiljø der ting skjer
- Du som vil få til noko
- Du kjem til å trivast her i Vinje!
Vinje kommune ser etter ein ny fysioterapeut til vår fagleg engasjerte og trivelege fysio-ergoterapiavdeling, da vår gode kollega skal ut i svangerskapspermisjon. Hjå oss får du ein spanande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø. Tverrfagleg samarbeid er viktig for oss, og me er stolte av å ha høg kompetanse i alle ledd av dei kommunale tenestene. Vinje kommune er positiv til kreative utviklings- og fornyingsidear, og du har store moglegheiter til å påverke arbeidskvardagen din.
Fysio- og ergoterapiavdelinga er organisert under verksemda helse og førebygging, saman med legekontor, helsestasjon- og skulehelsetenesta, kommunepsykolog og det interkommunale jordmorsamarbeidet. Avdelinga består i dag av 3 kommunale fysioterapeutar, 2 ergoterapeutar og 3 fysioterapeutar med driftstilskot.
Arbeidsoppgåver
Hovudarbeidsoppgåve er tverrfagleg rehabilitering på ei velfungerande korttidsavdeling, med fagleg engasjerte og kreative tilsette. Me er gode på tverrfagleg samarbeid!
- Rettleiing og rådgjeving til pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
- Habilitering/rehabilitering i heimen
- Lærings- og meistringskurs
- Instruktør i gruppetrening på dagtid, i regi av Frisklivssentralen
- Deltaking i utviklings- og forbetringsarbeid i form av grupper eller prosjekt
Kvalifikasjonar
- Har autorisasjon som fysioterapeut
- Har kompetanse og/eller erfaring innan rehabilitering
- God framstillingsevne i norsk, munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du har fagleg engasjement, og evne til å bidra i fagleg utvikling
- Du har godt humør, likar utfordringar og er løysningsorientert
- Du er fleksibel og omstillingsdyktig
- Du har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
Vi tilbyr
- Særs gode kollegaer
- Eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse, fagleg trygge og dyktige arbeidskollegaer
- Rom for fagleg utvikling
- Løn etter utdanning og kvalifikasjonar, Vinje har eigen lokal lønstige og gode lønsvilkår
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Køyregjodtgjersle
- Gratis skulemat
- Gratis SFO 1.-3. klasse
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Elisabet Smalås Haagensen, Avdelingsleiar friskliv, fysio- og ergoterapitenesta, +47 40903666Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4905943281
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 15.02.2025
Sluttdato: 06.02.2026
Søknadsfrist: 12.02.2025
Om bedriften
Avdelinga for fysio -og ergoterapi består av 3 kommunale fysioterapeutar, 2 ergoterapeutar og 3 fysioterapeutar med driftstilskot. Det er mykje kompetanse i denne avdelinga, og ein spanande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø.
Avdelinga har eigen Frisklivssentral med tilbod til alle innbyggjarane i kommunen, der me legg særleg vekt på førebygging som helsefremmande tiltak. Me tilbyr ulike gruppetreningar og lærings -og meistringskurs.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2847240
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e83328169f56472eab510d57b8538542