Undervisningsstillingar - grunnskulen
Kvinnherad kommune Sektor oppvekst
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
10
Ivrar du etter å opna dører mot verda og framtida for born og unge? Ynskjer du å jobba på ein skule og i ein kommune med fokus på kvalitet og utvikling? Kvinnherad kommune søkjer framtidsskaparar til lærarstillingar på barne- og ungdomstrinnet skuleåret 2023/2024.
Det er behov for lærarar ved dei fleste skulane. Søkjar kan koma med ynskje om skule, men vil bli tilsett etter ei totalvurdering av kompetansebehov ved dei ulike skulane.
Som tiltak for å auke delen faglærde lærarar i grunnskulen i Kvinnherad, kan nytilsette lærarar få eit ekstra rekrutteringstilskot. Nye lærarar/undervisningspersonale med tilsettingskompetanse, tilsett i fast stilling i grunnskulen, får tildelt kr. 50 000,- , i 100% stilling (elles etter stillingsstorleik). Eingongstillegget vil bli gitt mot bindingstid på 2 år, der arbeidsavtale vil vere tydeleg på konsekvensar ved brot.
Arbeidsoppgåver
Kontaktlærar/Faglærar/Spesialpedagog
Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar.
Vera aktivt deltakande i skulen sine profesjonsfellesskap.
Sikra at elevane er del av eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø
Kvalifikasjonar
Godkjend og relevant utdanning frå høgskule eller universitet – jf. opplæringslova § 10-1 og forskrift til opplæringslova kap. 14
Ha gode dugleikar i læringsleiing og klasseleiing
God digital kompetanse
Speialpedagogikk er ein fordel
Ungdomsskulane i kommunen har eit særleg behov for språkfag
Personlege eigenskaper
Tydeleg klasseleiar
Positiv, fleksibel og initiativrik
Kunne arbeida sjølvstendig og i tett samarbeid med andre
Oppteken av skuleutvikling
Ha evne til å skape gode relasjonar i klasserommet og jobba systematisk med eit trygt og godt skulemiljø
Ha evne til å skapa eit inkluderande læringsmiljø gjennom tilpassing, tilrettelegging, variasjon og elevaktivitet
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).
Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje
skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta
offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje
søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2277667
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3123595_226017_nn