Hopp til innhold

Tednebakkane omsorgssenter

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Tednebakkane omsorgssenter

Sted

Ternholmvegen 53, 5337 Rong

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar 100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 15. juni

Om eininga

Tednebakkane omsorgssenter ligg i vakre omgjevnader med utsikt mot Hjeltefjorden på Rong i Øygarden kommune. Vi er ein liten sjukeheim med ein somatisk avdeling, ein demensavdeling og ein skjerma avdeling i tillegg til å ha eit flott hovudkjøkken med kantinedrift

Til saman har vi 45 langtidsplassar. Kvar avdeling er delt inn i små grupper med 6–8 pasientar. Vi har òg eit dagtilbod med opp til 12 plassar. 

Som avdelingsleiar hjå oss vil du og vere med å leie i eit nyetablert sjukepleieteam og kan vere med påverka korleis vi utviklar teamet vidare. Ved Tednebakkane er det 2 avdelingsleiarar fordelt på somatisk og demensposter.

Vi har god fagleg dekning med både sjukepleiarar, vernepleiar, og ergoterapeut. Fleire av sjukepleiarane har spesialkompetanse som blant anna akutt sjukepleie og lindrande behandling

Hos oss arbeidar og  helsefagarbeidarar, assistentar og servicemedarbeidarar i tett samarbeid med sjukepleiar/vernepleier teamet for å møte pasientanes sine behov. Vi har god kollegastøtte og eit inkluderande arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver:

  • Delegert personal- og fagansvar. Opplæring og oppfølging både fagleg og administrativt.
  • Sikre kostnadseffektive tenester og god ressursutnytting innafor tildelte rammer
  • Rettleie og støtte personalet for å sikre god fagleg utvikling og trivsel
  • Kjennskap til kontinuerleg forbetring- og utviklingsarbeid. Sikre at pasientane får forsvarlege tenester
  • Arbeide tett med einingsleiar og avdelingsleiarar.
  • Turnusarbeid, sikre fagleg forsvarleg drift
  • Delta i møteverksemd der avdelingsleiarar møtes.

Kvalifikasjonar: 

Må ha:
  • Helsefagleg høgskuleutdanning – fortrinnsvis sjukepleiar
  • Helsefag med erfaring frå personalansvar/leiarerfaring vil og kunne vurderast
  • Det er krav om praktisk leiarerfaring med personalansvar og / eller formell leiarutdanning.
  • Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med
  • Erfaring med turnusarbeid
  • Erfaring med omstillingsarbeid
Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein leiar som :

  • Utøver eit relasjonelt og inkluderande leiarskap
  • Evnar å engasjere, inspirere og motivere medarbeidarar
  • Har god relasjonskompetanse, er glad i menneske og har gode kommunikasjonsevner
  • Arbeider strukturert og målretta, og er engasjert i omstillingsarbeid
  • Trivst med og handterer høgt tempo og eit variert spekter av arbeidsoppgåver
  • Ser moglegheiter framfor avgrensingar i den daglege drifta
  • Tør å tenkje nytt og utfordre etablerte løysingar når det er føremålstenleg
  • Er personleg eigna for stillinga – dette vil bli vektlagt

Vi tilbyr:

  • Gratis parkering
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein  utfordrande og spennande jobb.
  • Eit godt arbeidsmiljø der vi saman er opptatt av å finne gode løysingar
  • Ei avdeling med erfarne, fagleg dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

Kontakt:

Einingsleiar :  Hilde Elin Nilsen

Telefon: 47796852

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Hilde Elin Nilsen

+47 47796852

hilde.elin.nilsen@oygarden.kommune.no

Om bedriften

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

88fffd80-d024-4d00-b5c8-884f9cc1dc26

Sist endret

1. juni 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3633289_192729_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser