Vil du bli vår nye undervisningsinspektør?
Vindafjord kommune Ølen skule
Litlehagen 15, 5580 Ølen
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningsinspektør
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Undervisningsinspektør i 100% (75% inspektør + 25% vikar, undervisning og/eller anna funksjonsoppgåve). Stillinga er ledig frå 01.08.2023
Hovudarbeidsoppgåver:- Del av Ølen skule si leiargruppa som består av rektor og to undervisningsinspektørar
- Leiargruppa har ansvar for drift og utvikling av skulen sitt profesjonelle læringsfellesskap
- Mogleg vikaransvar deler av eininga
- For tida er denne stillinga organisert slik at den er knytt til elevar og personale på 1-7.klasse
- Undervising i faste fag eller andre funksjonar
- Tolking av elevdata og analyse av desse
- Vera pådrivar for godt samarbeid med elevar, føresette, tilsette, ulike instansar og samarbeidspartar
- Halde ved like og jobbe i administrative fagprogram kommunen har
- Timeplanarbeid; utarbeide timeplanar og vaktplanar for skulen og arbeidsplanar for tilsette
- Stillinga set krav til undervisingskompetanse for grunnskulen
- Tilleggskompetanse innan skuleleiing vil vera ein fordel
- Gode IKT- og system -kunnskapar
- Du må vera villeg til å ha ei fleksibel arbeidstid
- Evne til å skapa gode relasjonar og til å kommunisera med kollegaer, føresette og elevar er eit absolutt krav til den som blir tilsett
- Du må vera innstilt på å vera med å løysa daglege utfordringar på ein konstruktiv måte
- Stor evne til samarbeid
- Fleksibel og klar for å finna løysingar
- Administrasjon er ein vesentleg del av stillinga, det er naudsynt at ein har god ordenssans, meistrar digitale verktøy og sakshandsaming
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:Skulen arbeider med systematisk arbeid i §9a-saker, utvikling av eit profesjonelt læringsfellesskap og lesing i eit inkluderande læringsfellesskap som overordna målsettingar.
Skulen har i tillegg ein merkantil med SFO-ansvar som er svært viktig medarbeidar i kvardagen.
- Ølen skule er 1- 10 skule med 280 elevar
- Ligg sentralt til i Ølen
- Me har eit aktivt og engasjert personale
- Me har fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2295573
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3139071_228561_nn