Lege i spesialisering
AVDELING FOR PSYKISK HELSEVERN BARN OG UNGEHelse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Herman Døhlens vei, 6508 Kristiansund N, Kløvertunvegen 1, 6103 Volda, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri fast/vikariat
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest onsdag 10. september
Er du lege og har ønske om spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri?
Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø for deg som har lyst til å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidingar. Her vil du verte ein del av eit fagleg godt fellesskap.
I avdelinga vår har vi ledig fast stilling som LIS-lege ved alle dei fire poliklinikkane i Ålesund, Molde, Volda og Kristiansund.
Vi kan også tilby vikariat med minimum 6 månader lengde dersom det er aktuelt.
Vi har god spesialistdekning og fleire overlegar per LIS. Vi kan difor tilby god oppfølging og rettleiing av deg som nytilsett. Vi legg til rette for fagleg fordjuping og jobbar kontinuerlig med utvikling av pasienttilbodet vårt. Vi har tatt i bruk kunstig intelligens som støtteverktøy for behandlarar og har stort fokus på digitalisering.
Avdeling Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund, og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Poliklinikken i Ålesund og døgnseksjonen si eining i Ålesund er samlokalisert.
Poliklinikkane har samansette og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge og familiane deira. Personalet er sett saman av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege, geografisk organiserte team. I tillegg har vi ulike spesialiserte team og akutt-ambulante team. Vi kan vere fleksible i forhold til kva team ein vel å arbeide i.
Vi samarbeider med heile regionen om å tilby ei LIS-utdanning med høg kvalitet, og du vil delta i både lokal og regional LIS-utdanning. Avdelinga vil sikre alle delar av utdanningsløpet.
Arbeidsstad er i ein av dei fire byane i vakre Møre og Romsdal fylke, med flott natur og eit rikt kulturliv.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering, medisinering og behandling/stabilisering
- Fagleg utviklingsarbeid
- Tverrfagleg samarbeid
- I Ålesund kan lege etter avtale ta del i felles vaktordning med psykisk helsevern for vaksne
Kvalifikasjonar
- Gjennomført og bestått LIS1-tjeneste, eller turnusteneste etter gammal ordning
- Legar i anna utdanningsløp og som ønsker å jobbe minimum 6 månader i barne- og ungdomspsykiatri, kan søke på vikariat
- Lege som ventar på turnusteneste kan også søke på vikariat
- Du må mestre norsk språk svært godt, både muntleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har evne og vilje til samarbeid og omstilling
- Du har gode relasjonelle egenskapar og evner til kommunikasjon, både med pasientar, pårørande og kollega. Du fremstår som ein trygg og kompetent vaksen
- Du har interesse for fag- og organisasjonsutvikling, samt forbetringsarbeid
- Du har gode evner til å strukturere egen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid
- Du er ein god lagspelar, men også sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
- Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Regional LIS utdanning med høg kvalitet
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal herKontaktinformasjon
Jenny Irene Raftevold Lyngstad, Avdelingssjef, 41274620, jenny.raftevold.lyngstad@helse-mr.noArbeidssted
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5003851999
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
88ef4a21-f81a-432c-a1e3-2ecfe55ba580
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a4d89c43b127444794d8550ada9fcf66