Testleiar
Virksomhetsutvikling, Helse Vest IKT
Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen, Professor Olav Hanssens vei 7, 4021 Stavanger, Øvregata 126, 5527 Haugesund, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Testleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Har du lyst på ein livsvIKTig sjanse?
Er du ein person som er nysgjerrig? Løysingsorientert? Samarbeidsvillig? Og har ei evne til å tenke litt utanfor boksen? Då må du lese vidare.
På Testsenteret jobbar vi med ulike system i helsesektoren. Vi er 32 fast tilsette, i tillegg til innleigde konsulentar, som brenn for feltet vårt. Vi er av ulik alder, kjønn og bakgrunn. Saman gjer vi kvarandre endå betre!
Vi tilbyr og støttar løysingar for pasientar, legar, sjukepleiarar og administrasjon med fleire. Helsenorge.no er eit døme som dei fleste har kjennskap til. Vi har eit stort og kompetent miljø innan testfaget.
Vi søker deg som har erfaring som testleiar, men er du nyutdanna og nysgjerrig på testleiing, er du òg velkomen til å søke.
Ta gjerne kontakt med ein av våre testleiarar for ein prat. Roy Andre Ellingsen (roy.andre.ellingsen@helse-vest-ikt.no, 41 74 60 99) eller Tina Merethe Veberg (tina.merethe.veberg@helse-vest-ikt.no, 97 76 18 80) fortel gjerne meir om korleis det er å jobbe som testleiar hos oss.
Arbeidsstad er Bergen, Stavanger eller Haugesund.
Arbeidsoppgåver
- Leie og gjennomføre testaktivitetar.
- Testleiing, testplanlegging og rapportering.
- Testrådgjeving.
- Bidra til fagleg utvikling i seksjonen.
Kvalifikasjonar
Dette er ønska kvalifikasjonar, men det er ikkje eit krav at du oppfyller alle desse:
- Relevant høgare utdanning innan IT.
- Erfaring med testleiing.
- Erfaring frå utvikling og/eller prosjektleiing.
- Erfaring frå helsesektoren.
- ISTQB-sertifiseringar.
- Erfaring med testing av UX og UU.
- Erfaring med bruk av testverktøy.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne, flytande norsk (skandinaviske språk kan aksepterast).
Personlege eigenskapar
Vi legger stor vekt på personlige eigenskapar og ser etter deg som:
- kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar.
- har gode samarbeidsevner, viser initiativ og er proaktiv.
- kan koordinere og er god til å følgje opp.
- har god struktur i arbeidet ditt.
- evnar å lytte og forstå.
- kan sørgje for god dialog med relevante ressursar hos helseføretak, leverandør og teknisk personell.
- klarar å levere under press.
- ønsker å dele din kompetanse med dine kollegaer.
- ønsker å satse på ein karriere innan testleiing.
- trivst i grensesnittet mellom teknologi og brukarmiljø.
- evnar å sette deg inn i detaljar og samstundes ha overblikk.
Vi tilbyr
- Du får moglegheita til å skape gode resultat både åleine og i samarbeid med andre.
- Fagleg utvikling gjennom spennande oppgåver, faggrupper, fagdagar, seminar og kurs.
- Eit stabilt og sterkt fagmiljø både lokalt og i regionalt samarbeid med andre helseregionar.
- Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar.
Vi likar å sjå kvarandre på kontoret, og å møtes fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap. Men vi forstår at mange ønsker seg ein hybrid kvardag, med moglegheit til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for ein god balanse mellom jobb og fritid.
Vi oppfordrer alle søkere til å bruke Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter. Dersom du har utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Trude Kristin Kjelby Antoniazzi, Gruppeleder, 93095463Bente Saltnes, Seksjonsleiar, +47 97542697
Arbeidsstad
Bjørnsons gate 295052 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKTReferansenr.: 4988899029
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Bente Saltnes
Seksjonsleiar
+47 97542697
Trude Kristin Kjelby Antoniazzi
Gruppeleder
93095463
Om bedriften
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
88ea7053-23f4-4c83-81e5-a113e81f705d
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a141e921317d43d4b05daa8bef8cabd6