Kunstproduksjonsmiljøet i Fjaler søker ny produsent !
Preform As
Dalsvegen 97, 6963 Dale i Sunnfjord, Fjaler
Om jobben
Stillingstittel
Produsent
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Prosjekt, deltid 75%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
1
PreForm AS lyser ut ei stilling som produsent / medarbeidar frå våren 2023 som kan vere med oss flytte inn i og drifte det nyrenoverte kunstproduksjon og scenehuset SAMVIRKET.
Våre oppgåver er å legge tilrette for kunstproduksjon som scenekunst, musikk, podcast og andre lydproduksjonar m.m. I tillegg skal vi drifte bygda sin nye scene, SAMVIRKET i nært samarbeid med Fjaler.
Vi ynskjer oss ein person som har administrativ og kunstfagleg erfaring frå ulike kunstnariske uttrykk og særleg med erfaring frå scenekunstfeltet.· du bør har høgare utdanning eller solid relevant praksis.
· arbeide sjølvstendig og ha gode evner til kommunikasjon og relasjonsbygging
· kunst og kulturfagleg nettverk.
· moglegheit til å arbeide på ettermiddag og kveld ved behov.
Vi skal saman utvikle eit nytt kulturbygg og du skal vere med å:· fylle Samvirket med produksjonar og arrangement
· arbeide med kunstproduksjonar i prosessen frå ide til møte med publikum.
· arbeide med planlegging og gjennomføring av publikumsvisningar i nært samarbeid med eksterne arrangørar.
· arbeid med marknadstiltak og oppdatering av desse.
· samarbeide med våre næraste samarbeidspartar i felles prosjekt og vere med å vidareutvikle desse.
· arbeide med kompetansehevande tiltak og nettverksarbeid.
Om bedriften
Kunstproduksjonsmiljøet i Fjaler har vore i sterk utvikling siste åra med aktørar som Teaterfestivalen i Fjaler, Jakob Sande Senter for forteljekunst og Nordisk Kunstnarsenter Dale. Saman eig desse PreForm AS. Våre oppgåver er å legge tilrette for kunstproduksjon som scenekunst, musikk, podcast og andre lydproduksjonar m.m. I tillegg skal vi drifte bygda sin nye scene, SAMVIRKET i nært samarbeid med Fjaler kommune og eksterne samarbeidspartar og arrangørar. PreForm AS vart etablert i 2014 og har tilsett kunstnarleg leiar og dagleg leiar i delstillingar.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2199060
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
88bcf4ac-fc92-476c-b8ad-f6c702bdcbec