Avdelingsleiar for tilrettelagt opplæring
Sotra vidaregåande skule
Finkelhølsvegen 10, 5382 Skogsvåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar for tilrettelagt opplæring
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. mai
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.
Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle medverkar til fagleg og sosial utvikling. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena basert på tillit og respekt for kvarandre.
Vi søkjer etter ein vikar som adelingsleiar for vår avdeling for tilrettelagt opplæring i skuleåret 2025/2026.
Arbeidsoppgåver
- Leiing av avdeling for tilrettelagt opplæring
- Personalansvar, m. vikarhandtering
- Budsjettansvar for avdelinga
- Pedagogisk og fagleg leiing og utvikling av avdelinga.
- Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt.
- Koordinering av spesialundervisning og samarbeid med eksterne instansar.
- Bidra til eit utviklande profesjonsfagleg fellesskap.
- Vere ein del av skulen sin leiargruppe
- Delta i leiarmøter og drift av skulen.
Kvalifikasjonar
- Høgskule/universitet, Bachelorgrad
- Leiarkompetanse og/eller -erfaring frå skule eller liknande verksemd
- Undervisningskompetanse i to eller fleire fag som skulen tilbyr
- Pedagogisk erfaring og god kjennskap til vidaregåande opplæring
- Kunne vise til resultat i tidlegare stilling
- Kan kommunisere godt på norsk, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Skulen søkjer ein person som er resultatorientert og ansvarsbevisst, og som arbeider strukturert.
- Du må vere ein god lagspelar, men også kunne arbeide sjølvstendig.
- Du må ha gode evner til å kommunisere og motivere, og god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Du har vilje og evne til å samarbeide med føresette, elevar og eksterne instansar.
- Du bryr deg om elevar og tilsette.
- Du har høg motivasjon og handlekraft
- Å vere egna for arbeid som leiar i skulen vil bli tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Løn etter avtale og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter til eigen læring og utvikling
- Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass
- Trimgrupper for tilsette
Den som tilsetjast må legge fram politiattest.
Kontaktinformasjon
Erik Henneli, Assisterande rektor, 95826077Olav Lee, rektor , 93034370
Arbeidsstad
Finkelhølsvegen 105382 Skogsvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4954690474
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 11.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Olav Lee
rektor
93034370
Erik Henneli
Assisterande rektor
95826077
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2923119
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f6d75c2e5ffa499b996abdbfd52a39d4