Byggesaksbehandlar ved teknisk eining - ledig vikariat
Giske kommune
Valderhaug 4, 6050 Valderøya, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Byggesaksbehandlar ved teknisk eining - ledig vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 10. juli
Teknisk eining i Giske kommune har ledig vikariat som byggesaksbehandlar frå snarast og i inntil eit år, med moglegheit for forlenging.
Giske kommune er ei vekstkommune med stor auke i byggesaker. Arbeidsstaden er Giske rådhus på Valderøya.
I tillegg til formell kompetanse vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Byggesaksbehandling med rettleiing etter plan- og bygningslova
- Behandling av søknadar om frådeling etter plan- og bygningslova
- Behandling av krav om seksjonering etter eigarseksjonslova
- Saksutgreiing til politisk utval
- Bidra til digitalisering og effektivisering av saksbehandling
- Andre relevante oppgåver innanfor fagområdet
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning
- Minimum 3 års erfaring innanfor tilsvarande arbeidsområde med gode resultat, som kan dokumenterast, kan kompensere for manglande formell utdanning
- God kjennskap til plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter, tilgrensande lovverk og forvaltningslova
- Må kommunisere godt både munnleg og skriftleg på norsk (nynorsk er skriftmålet i kommunen)
- Det er ønskeleg med førarkort
Personlege eigenskapar
- Engasjert, løysingsorientert, målbevisst, systematisk og strukturert
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Må kunne arbeide sjølvstendig og effektivt i ein hektisk kvardag
Vi tilbyr
- Løn og tilsetjing på kommunale vilkår
- Godt kollegialt arbeidsmiljø med "lav dørterskel" mellom fagavdelingane
Kontaktinformasjon
Svein Andrè Johansen, einingsleiar, 908 62 954Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4987347364
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 10.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Svein Andrè Johansen
einingsleiar
908 62 954
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8775 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8845ab36-feee-4db2-ad5d-df585d863b06
- Hentet fra
talentech
- Referanse
46725c3479724b0fa4265c241d1155b5