Hopp til innhold

Matros til hurtigbåt i Stavanger!

Arbeidsgiver

Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

Fiskepiren 1, 4013 Stavanger

Om jobben

Stillingstittel
Matros til hurtigbåt i sambandet Stavanger-Byøyene-Hommersåk.
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 21. mai

Fjord1 har no ledig stilling som matros på hurtigbåten MS Sylvarnes i Stavanger. 

I denne stillinga jobbar du 1-1system. Arbeidsordninga gir høve til å reise heim etter endt vakt, og legg til rette for ein god balanse mellom jobb og fritid. Dersom du har behov for det, kan vi tilby hybelordning i arbeidsperioden. Rederiet dekker reise til og frå arbeidsstad. 

Som matros blir du ein viktig del av den daglege drifta om bord. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald.

Hos Fjord1 får du ein trygg og stabil arbeidsplass med ansvar, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø saman med dyktige og engasjerte kollegaer.

Oppstart juli 2026. 

Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.


Arbeidsoppgåver

  • Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord 
  • Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Verne- og miljøarbeid
  • Kundehandsaming og sjølvbetjent kiosk
  • Fortøying

    Kvalifikasjonar

    • Fagbrev som matros eller nok fartstid til å kunne mønstre som matros.
    • Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
    • Krise- og passasjerhandtering
    • Gyldig helseerklæring
    • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftleg
    Fjord1 dekker manglande krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.

    Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med tett samarbeid og har fokus på tryggleik og god service. Du bør ha vilje til å lære, stå på når det trengst og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.

  • Vi tilbyr

    • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund.
    • Reise til og frå arbeidsperioden blir dekke av arbeidsgjevar.
    • Hybelordning i arbeidsperioden.
    • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar.
    • Vi tilbyr gode ordningar og legg til rette for utvikling for deg som ønsker å ta steget vidare.
    • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.

    Kontaktinformasjon

    Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no

    Arbeidssted

    Fiskepiren 1
    4013 Stavanger

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5123936055
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 21.05.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Benedicte Ellingsen

    Rekrutteringsmedarbeider

    47887896

    benedicte.ellingsen@fjord1.no

    Om bedriften

    Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

    Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

    Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

    Sektor

    Privat

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    882fb21b-e660-4b6e-aa83-905b4c47d193

    Sist endret

    7. mai 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    14d61755353c493ea75ccd139d0ce717

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser