Rådgjevar frukt og bær
Norsk Landbruksrådgiving SA
Krånavegen 5, 6823 Sandane
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar frukt og bær
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. november
Vil du bli ein del av landbruket si viktigaste kompetanseverksemd? Norsk landbruksrådgiving SA har ledig eit vikariat, i 100 % stilling, innan fagområdet frukt og bær. Vikariatet varer fram til 30.09.2026, men det er mogleg med forlenging. Du vil ha kontorplass på Sandane i Gloppen kommune, og heile Nordfjord blir ditt arbeidsområde.
**Gjer ein skilnad -- kvar dag!**I NLR SA står du i sentrum av utviklinga av norsk matproduksjon. Du vil påverke retningsval og produksjon hos mange enkeltbønder og dermed gje eit viktig bidrag til utviklinga av landbruket og maten vi alle er avhengige av kvar einaste dag.
I NLR er vi nysgjerrige på å finne nye og betre måtar å hjelpe kundane våre på! Våre tilsette er avgjerande for å lukkast med vårt oppdrag. Vi har eit arbeidsmiljø med stor fagleg breidde og djupne, med høg kompetanse på mange fagfelt. Vi tek godt vare på folka våre, og oppmuntrar og legg til rette for personleg og fagleg utvikling. Rådgjevarane våre styrer i stor grad sin eigen arbeidsdag. Vi ønskjer å få ut det beste av kvar einskilt tilsett, og du får høve til å spesialisere deg og jobbe med det du er god på og brenn for.
Hvem leter vi etter?
Vi søkjer ein person med interesse og kompetanse på frukt og bær, som er sjølvstendig og strukturert og har eit positivt engasjement for landbruksnæringa. Du bør ha landbruksfagleg utdanning frå høgskule eller universitet og/eller annan relevant landbruksfagleg kompetanse og praktisk erfaring. Du må være utadvendt og like å oppsøke våre medlemmar og kundar, for å tilby rådgjeving.
-
Jordprøvetaking og utarbeiding av gjødslingsplaner.
-
Rådgjeving og informasjon til medlemmane, både munnleg og skriftleg.
-
Planlegge og gjennomføre fagmøte, kurs, prosjekt og feltforsøk.
-
Behandle data frå forsøksfelt ved bruk av programvare.
-
Utvikle rådgjevingstilbudet i regionen saman med andre rådgjevarar og samarbeidspartar.
-
Andre aktuelle arbeidsområde kan vere; klimarådgjeving, funksjonstesting av sprøyter, økonomirådgjeving, markedshage, avhengig av søkarens interesser og kompetanse.
-
Vikariat inntil 100 % stilling, mogleg med forlenging.
-
Utfordrande fagleg arbeid i et aktivt miljø, både lokalt og nasjonalt, med gode høve for utvikling.
-
Stor grad av sjølvstende og fleksibilitet.
-
Triveleg arbeidsmiljø.
-
Løn etter avtale.
-
Gode pensjons- og forsikringsordninger.
Om bedriften
Norsk Landbruksrådgiving SA (NLR) er et landsdekkende samvirkeforetak med ca. 24.000 medlemmer og 400 medarbeidere. Med 6 regionavdelinger og rundt 100 kontorsteder, har NLR sterk lokal tilstedeværelse. NLR er bindeledd mellom forskning og landbruket, og innhenter, utvikler og samordner kunnskap som rådgiverne formidler til næringsutøvere i landbruket.
Våre rådgivere jobber med rådgiving og utviklingsoppgaver innen jord- og planteproduksjon, økonomi, regnskap, HMS, maskinteknikk, hydroteknikk, presisjonslandbruk, landbruksbygg, fornybar energi, klima og miljø. Vår visjon er “kompetanse for framtida”. Vi leverer aktuell, kunnskapsbasert, objektiv og helhetlig rådgiving og er en attraktiv samarbeidspartner for landbruket.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
880b9405-ac77-4858-ab57-d929a2b2dae3
- Sist endret
10. november 2025
- Hentet fra
FINN
- Referanse
435722309
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Norsk Landbruksrådgiving SA
Sted
Sandane
Servicetekniker / montør
Arbeidsgiver
Fjøssystemer Midt-Norge AS
Sted
Nordfjordeid
Miljøarbeider
Arbeidsgiver
Fjordane Folkehøgskule
Sted
Nordfjordeid