Vi søkjer ein engasjert og omsorgsfull miljøarbeider i 50 % stilling med erfaring frå arbeid med hest
Fjordane Folkehøgskule
Skulevegen 32, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
Fjordane folkehøgskule søkjer ein engasjert og omsorgsfull miljøarbeidar med erfaring frå arbeid med hest. Du vil vere ein viktig støttespelar for elevane både i undervisninga og på fritida, og bidra til å skape ein meiningsfull og trygg kvardag
- Stillingstittel
- Miljøarbeider
- Oppstart
- 15. november 2025
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 50%
- Arbeidstid
- Skift, dagtid og kveld, ukedager og lørdag
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Send søknad til
Hva vi ser etter
Kven ser vi etter? Vi trur at du:-
Er glad i ungdom og engasjert i deira utvikling og læring
-
Er glad i dyr og har erfaring med hest: stell og riding
-
Har evne til å etablere gode relasjonar og har godt humør
-
Er fleksibel, tolmodig og konsekvent
-
Har god arbeidskapasitet og er bevisst på ditt ansvar som rollemodell
Arbeidsoppgaver
Dette vil du jobbe med:-
Oppfølging og rettleiing av elevar i linjefagstimane på hestelinja og i fritida, i samarbeid med ansvarleg lærar
-
Bidra til å styrke elevane si sosiale kompetanse og trivsel
-
Vere ein medhjelpar, rettleiar og rollemodell i skulemiljøet
Vi tilbyr
Kvifor skal du velje oss?Du får ein jobb med mykje variasjon og kjekke kollegaer. Vi likar å finne på aktivitetar saman, alt frå blåturar og sommarfestar, til felles trening for dei som vil, eller eit slag ping-pong eller biljard i lunsjen.
• Du får ei god pensjonsordning i SPK og ein meiningsfull jobb der du bidreg til at elevane skal skape sitt beste år.
Fjordane folkehøgskule:
• Vi har ni ulike linjer der elevane får dyrke interessene sine og prøve nye aktivitetar. Det gjer kvardagen vår mangfaldig, inspirerande og full av engasjement.
• Vi har høg fagleg nivå og lærarar med allsidig kompetanse på våre hestelinjene
• Kokkane våre elskar å lage mat som smakar skikkeleg godt, noko du får glede av i lunsjen. Dei byr blant anna på lokale og sesongbaserte råvarer så ofte dei kan.
• Du får ein arbeidsplass som tar ansvar:
o Vi er Miljøfyrtårn-sertifisert og tar miljø- og samfunnsansvaret vårt på alvor
o Vi brukar Fairtrade-produkt som styrkar bønder og arbeidarar i fattige land
o Vi er Debio bronsegodkjent, dvs. minst 15% av matserveringa vår er økologisk
o Vi er ein klimamotivert skule som vil bidra til å gjere verda til ein betre stad for alle
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Mellom den største fastlandsbreen i Europa og det villaste havet i Noreg ved Stad ligg Nordfjord. I midten av denne vakre fjorden finn du folkehøgskulen vår -- i smørauget av Nordfjordeid sentrum. Her kan du oppleve alt frå spektakulære fjellturar, til surfeparadiset i Hoddevika og eit rikt kulturliv -- og alt i mellom. Er du glad i musikk kan vi freiste med både musikkfestivalen Malakoff og Operahuset Nordfjord. For deg som er historieinteressert kan vi også nemne at vi har Noregs einaste kvinnelege helgen, Sankt Sunniva, lenger ute i fjorden.
På Fjordane Folkehøgskule har vi heile 9 spennande linjer, så her ligg alt til rette for at elevane skal få gjere det dei likar aller best, og samtidig få prøve ut nye aktivitetar.
Fekk du lyst til å søkje?
Om dette fristar så håpar vi at du sender søknad.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
75aef3b3-3868-4a63-a079-9472d5445ae6
- Sist endret
3. november 2025
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
75aef3b3-3868-4a63-a079-9472d5445ae6
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Fjordane Folkehøgskule
Sted
Nordfjordeid
Arbeidsgiver
Stryn Kommune
Sted
Stryn
Arbeidsgiver
Vanylven kommune
Sted
Åheim