Fengselsbetjentar
Hustad fengsel
Hustadvegen, 6444 Farstad
Om jobben
Stillingstittel
Fengselsbetjentar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
5
Om stillinga
Kriminalomsorga Hustad fengsel søkjer etter fengselsbetjentar i 100% faste stillingar. Stillingane vert plassert i turnus, for tida ogsåmed teneste på natt. Endringar i turnus/arbeidstid kan forekomme. Ein fengselsbetjent har ansvar for dei innsette og tilsette sin tryggleik, innhaldsarbeid, innhenting og vurdering av informasjon og saksbehandling. Fengselsbetjenten skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering og i tillegg vere ein samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta progresjonsarbeid med innsette
Arbeidsoppgåver
- avdelingsteneste med daglege oppgåver knytte til innsette
- kontaktbetjentarbeid, soningsplanlegging, miljøarbeid og programarbeid
- vere ein aktiv medspelar i utviklinga av det faglege og tryggleiksarbeidet ved avdelinga.
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha- bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
- evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
- tolmod, ansvarsfull, å kunne setje grenser og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
- er initaitivrik og har god gjennomføringsevne
- evne til etisk refleksjon og åtferd i tråd med etatens verdiar
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- kantineordning
- Moglegheit for overnatting i penderbolig tilknytt eininga
- Stillinga blir lønt som fengselsbetjent frå kr 423 300 - 524 700, avhengig av kvalifikasjonar. Kvelds-, natt og helgetilegg etter gjeldane
satsar kjem i tilegg. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fengselsleiar Trude Aarseth på tlf. 71263010
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om bedriften
Om kriminalomsorga
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Hustad fengsel ligg i nydelig til i Hustadvika kommune midt mellom byane Molde og Kristiansund. Området gir store moglegheiter for personar som likar natur, sjø og friluftsliv.
Fengselet har 60 soningsplassar, med høg og låg sikkerheit.
Sektor
Offentlig