Helsefagarbeidar - fast stilling natt
Eidet Omsorgssenter
Trolldalssletta 12, 6264 Tennfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar natt Eidet Omsorgssenter
Type ansettelse
Fast, deltid 65%
Arbeidstid
Turnus, natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. august
Haram kommune søker etter helsefagarbeidar i 65% fast stilling, for tida ved Eidet Omsorgssenter i Tennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus på natt, med arbeid kvar 3. helg.
Eidet Omsorgssenter har eit tett samarbeid på tvers av dei 2 avdelingane på omsorgssenteret, særleg på natt. Vi er open for nye arbeidsmetodar og turnusløysingar som gagnar både bebuarane og dei tilsette. Vi ønsker å oppretthalde gode arbeidsmiljø, og skape ein god heim for bebuarane våre. Vi har fokus på gode måltid produsert på huset. Vi har tilgang til flotte uteområde med mykje sol. Her nyt vi utsikt utover fjord og fjell, frå eit fint og moderne bygg. Eidet Omsorgssenter ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa.
Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenester.
Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønsker å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Helsefaglege oppgåver.
- Omsorg og oppfølging av sjukeheimspasientane.
- Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper.
- Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
- Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeidar.
- Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Gode norskferdigheiter munnleg og skriftleg.
- Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
Personlege eigenskapar
- I Haram kommune ønsker vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Godt humør og positiv framtoning.
- Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer
- Eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme.
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid.
- Spanande fagmiljø med mange varierte arbeidsoppgåver.
- Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på.
- Gode turnustekniske løysingar.
- Løn etter tariff.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.noArbeidsstad
Trolldalssletta 126264 Tennfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5002304378
Stillingsprosent: 65%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
87d549ae-50ce-4328-938f-be977ae8e943
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9937eab4fe9a45a18e81296f715078da