Brenner du for miljø og kvalitet? Bli med og forme framtidas avfallsløysingar!
NGIR Drift AS
Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar miljø og kvalitetsstyring
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. september
NGIR Drift AS søkjer ein engasjert og fagleg sterk rådgjevar innan miljø og kvalitetsstyring (KS). Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å jobbe med viktige samfunnsoppgåver i eit konsern som set berekraft, kvalitet og utvikling høgt på agendaen.
Kva skal du jobbe med?Som rådgjevar vil du få ei nøkkelrolle i arbeidet med å sikre at NGIR-konsernet møter både interne og eksterne krav til miljø og kvalitet. Du vil vere med på å utvikle og forbetre system og rutinar, og bidra til at vi held høg standard i alt vi gjer -- frå dagleg drift til langsiktig strategi.
I denne rolla vil du følgje opp løyve og krav frå styresmaktene, overvake utslepp og miljøpåverknad, og sikre at vi handterer avfall og ressursar på ein trygg og forsvarleg måte. Det er også lagt til oppgåver med vedlikehald og utvikling av kvalitetssystem.
Du vil ha oppgåver innan avvikshandtering, internrevisjonar og rapportering, og bidra med miljøovervaking og faglege råd i møte med nye krav og regelverk.
Dette er ei variert og utviklande stilling der du får jobbe både operativt og strategisk -- i tett samarbeid med dyktige kollegaer og leiarar.
Kven ser vi etter?Vi ser etter deg som har høgskuleutdanning innan naturvitskaplegefag, minimum på bachelornivå. Du har gjerne erfaring frå arbeid med miljø og kvalitet, og fint om du har kjennskap til driftskrav for deponi. Vi oppmodar òg nyutdanna med relevant fagbakgrunn til å søkje. Du er trygg i bruk av digitale verktøy og har god systemforståing.
Som person er du strukturert, sjølvstendig og nøyaktig. Du trivst med ansvar, har eit sterkt servicefokus og jobbar målretta for å finne gode løysingar. Du kommuniserer godt både munnleg og skriftleg, og du samarbeider godt med andre -- samtidig som du evnar å ta eigne initiativ. Du er ærleg, open og har eit ekte engasjement for miljø og samfunnsansvar.
Kvifor velje NGIR?NGIR Drift AS er ein del av NGIR-konsernet, som har ansvar for avfallshandtering og miljøtenester i kommunane i Nordhordland og Gulen. Vi er ein framtidsretta organisasjon med høge ambisjonar for berekraft, innovasjon og kvalitet. Hos oss får du jobbe i eit inkluderande og kompetent fagmiljø, med korte beslutningsvegar og høve til å påverke både eiga rolle og utviklinga i konsernet.
Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, fleksibel arbeidstid, gode pensjons- og forsikringsordningar -- og ikkje minst: eit meiningsfullt arbeid der du får bidra til ei grønare framtid.
Om bedriften
NGIR Drift AS er eit dotterselskap til NGIR IKS - Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS. NGIR tek seg av den offentlege renovasjonen i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. NGIR arbeider for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima. Selskapet tilbyr òg avfallstenester til næringslivet i regionen, og driftar eit deponi for lettare forureina massar. NGIR sitt avfallsanlegg og administrasjon ligg i Kjevikdalen i Alver kommune, ca 45 min køyring frå Bergen sentrum og 15 min frå Knarvik. NGIR er organisert i tre selskap, har til saman 100 tilsette, og omset for om lag 199 millionar kroner. Administrasjonsspråket i NGIR er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
87c9b6ab-25d1-4ea5-a254-61da580db691
- Hentet fra
FINN
- Referanse
422549397