Ledig vikariat for barne- og ungdomsarbeidar i Flekke barnehage
Fjaler kommune Flekke barnehage
Hauglandsvegen 50, 6968 Flekke
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. mai
Flekke barnehage har ledig eit 100 % årsvikariat som barne- og ungdomsarbeidar/barnehageassistent frå snarast og fram til 01. juni 2027, med moglegheit for forlenging. Som fagarbeidar vil du vere med og aktivt bidra til og delta i det pedagogiske arbeidet på avdelinga. Vi ser etter deg som er god på å bygge relasjonar til barna og deira føresette og som vil vere med oss på å lage gode kvardagar for store og små. Har du engasjement og initiativ og kan syne empati og gje god omsorg for barna? Då kan det vere nettopp deg vi ser etter.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål om stillinga.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer primært ein fagarbeidar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
- Søkjarar med relevant erfaring frå arbeid med barn kan bli vurdert, men søkjarar med fagbrev vil bli prioritert.
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og muntleg.
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Personlege eigenskapar
- Har godt samspel med barn og vaksne.
- Er engasjert, omsorgsfull og har evne til å ta barneperspektivet.
- Kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.
- Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør.
Vi vektlegg at du er personleg eigna til stillinga.
Vi tilbyr
- Ein variert og kjekk kvardag.
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer.
- Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Givande leik med flotte barn kvar dag
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få
høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
87c93783-eaf8-45e4-8052-8bef0b64b6db
- Sist endret
24. april 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3622061_249255_nn