Hopp til innhold

Fagarbeidar eller assistent i barnehage - i inntil 100% mellombels stilling med snartleg oppstart 

Arbeidsgiver

Gulen kommune

Sted

Hovden 41, 5960 Dalsøyra

Om jobben

Stillingstittel
Dalsøyra barnehage og skule. Tilsetjing fagarbeidar eller assistent frå snarast - 31.12.26
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. november

Om stillinga

Vil du vere med og skape ein trygg, leiken og meiningsfull kvardag for barna våre?

I Gulen kommune står omsorg, leik, læring og gode relasjonar i sentrum for barnehagekvardagen. No søkjer vi ein engasjert og varm medarbeidar som vil bidra til å gi barna ein trygg start, gode opplevingar og høve til å utvikle seg. Vi ønskjer primært ein barne- og ungdomsarbeidar eller nokon med tilsvarande utdanning, men oppmodar òg søkjarar utan fagbrev til å søkje. Hjå oss får du bruke kunnskapen og erfaringane dine i eit inkluderande arbeidsmiljø, der samarbeid, nærvær og det beste for barna er viktige verdiar.

Vi har ledig ei mellombels stilling i inntil 100%, med oppstart snarast mogleg og varigheit ut desember 2026. 

Stillinga er for tida knytt til Dalsøyra barnehage, som er ein del av eininga Dalsøyra barnehage og skule.


Barnehagane i Gulen tilbyr

  • Eit sterkt fokus på fagleg utvikling, kor idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert verdsett
  • Små og oversiktlege barnehagar som gir nærleik, gode relasjonar og ein trygg start for deg som er ny i yrket
  • Eit godt, varmt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Rettleiing og støtte som del av arbeidskvardagen
  • Eit godt fagleg nettverk og tett samarbeid mellom barnehagane i kommunen

Arbeidsoppgåver 

  • Medverke til at barnehagen er ei god pedagogisk verksemd
  • Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna
  • Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda
  • Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn
  • Andre arbeidsoppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonar 

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse
  • Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med fagbrev/tilsvarande kompetanse, kan andre søkjarar verte vurderte 
  • Erfaring frå arbeid i barnehage eller anna arbeid med barn er ynskjeleg 
  • Evne til å arbeide i tråd med barnehagen sitt samfunnsoppdrag og verdigrunnlag 
  • Grunnleggjande digital kompetanse
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg

Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest før oppstart i stilling


Personlege eigenskapar 

  • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen
  • Du tek initiativ og er aktivt med i leik og kvardagsaktivitetar
  • Du samarbeider godt med barn, føresette og kollegaer
  • Du er fleksibel, ansvarsmedviten og løysingsorientert
  • Personlege eigenskapar vil verte lagde vekt på

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering 
  • Løn etter tariff 

Kontaktpersoner for stillingen

Solveig Kristine Haveland

Einingsleiar Dalsøyra barnehage og skule

+4747632338

solveig.kristine.haveland@gulen.kommune.no

Anne Marit Brekken Oppedal

Avdelingsleiar Dalsøyra barnehage ved eining Dalsøyra barnehage og skule

+4799247119

anne.marit.oppedal@gulen.kommune.no

Om bedriften

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har 2301 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

I Gulen kommune får meir enn ein jobb - du får vere ein del av eit lokalsamfunn med nærleik, tillit og sterke felleskap. Her arbeidar me saman for å skape gode tenester og ein trygg og attraktiv kommune for alle som bur her. Med vakker natur kring oss, gode moglegheiter for friluftsliv og eit arbeidsliv prega av samarbeid og utvikling, ligg alt til rette for ein meiningsfull arbeidskvardag i Gulen. 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

87bd343c-9773-44f6-80e3-86995ac20086

Sist endret

10. november 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10315430

Lignende annonser

Laster lignende annonser