Pedagogisk personell til barnehage, i inntil 100% vikariat
Gulen kommune
Dalsbygda 54, 5960 Dalsøyra
Om jobben
- Stillingstittel
- Dalsøyra barnehage og skule. Tilsetjing i inntil 100% vikar barnehagelærar eller fagarbeidar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 17. november
Om stillinga
Gulen kommune har ledig eit vikariat i inntil 100% stilling frå snarast mogleg til midten av august 2027. Stillinga er for tida knytt til avdeling Dalsøyra barnehage i eininga Dalsøyra barnehage og skule.
Me søkjer ein barnehagelærar eller ein barne- og ungdomsarbeidar, eventuelt ein søkjar med tilsvarande relevant utdanning. Søkjarar utan relevant utdanning er òg velkomne til å søkje og kan bli vurderte dersom me ikkje får kvalifiserte søkjarar.
Dalsøyra barnehage og skule består av 1-10- skule og barnehageavdelingar på Dalsøyra og i Hovden. Sjå her for meir informasjon om Dalsøyra barnehage.
Ta kontakt med kontaktpersonen i annonsen om du har spørsmål til stillinga!
Barnehagane i Gulen har:
- Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar
- Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
- Godt arbeidsmiljø
- Tilbod om rettleiing
- Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen
Arbeidsoppgåver
Barnehagelærar- Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde
- Leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drfita av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar
- Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga
- Delta i den daglege drifta
- Andre oppgåver som måtte kome til
- Medverke til at einiga er ei god pedagogisk verksemd
- Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna
- Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
Barnehagelærar- Utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærerutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med videreutdanning i barnehagepedagogikk.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande relevant kompetanse. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan vi vurdere søkjarar utan godkjend utdanning
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Har evne til å sjå kvart enkelt barn, og skape gode og trygge relasjonar med borna
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Kontaktperson for stillingen
Anne Marit Brekken Oppedal
Avdelingsleiar Dalsøyra barnehage ved eining Dalsøyra barnehage og skule
+4799247119
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2301 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f9fb9006-455a-41b2-ab2c-c5dcbdf69e84
- Sist endret
3. november 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10314802