Funksjonsleiar
Avdeling psykisk helsevern Valen sjukehus
Sjukehusvegen 15, 5451 Valen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Funksjonsleiar
Oppstart
1. oktober 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. august
Vil du leie eit erfarent og engasjert fagmiljø?
- da kan funksjonsleiarstilling ved Akuttpost på Valen sjukehus, Helse Fonna, vere noko for deg.
Valen sjukehus er ein tradisjonsrik instutisjon - sidan 1910, og har heile tida framstått moderne i si samtid med hensyn på humanistisk tilnærming og når det gjeld å ta i bruk nye behandlingsformer.
Akuttpost Valen ligg på Valen sjukehus og har åtte behandlingsplassar for Folgefonn DPS og Stord DPS sitt opptaksområde. Akuttposten skal gjere gode psykiatriske vurderingar, gi fokusert og kortvarig behandling eller tilvise til behandling på rett nivå.
Vi søker ein engasjert , entusiastisk funksjonsleiar med solid fagkunnskap innan psykisk helsevern og som vil bidra aktivt i vidare utvikling av gode og framtidsretta tenester innan akuttpsykiatri.
Kva går jobben ut på?
- Som funksjonsleiar har du det overordna drifts- og sjukepleiefaglege ansvaret for eininga. Du skal sikre at den daglege drifta skjer i samsvar med lover, forskrifter og interne retningslinjer.
- Realisere eininga sine oppgåver i tråd med avdelinga sitt mål.
- Bidra til at eininga har systematisk utvikling av tenestene og høg fagleg standard.
- Bidra til godt samarbeid internt og med eksterne samararbeidspartar.
- Ansvarleg for oppfølging av medarbeidarane og legge til rette for utvikling.
- Bemanningsplanlegging
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid
- Leiarutdanning og/eller erfaring frå leiing
- Bemanningsplanlegging og budsjettstyring
- Gode norsk kunnskaper er helt avgjørende for forsvarlig pasientbehandling. Søkere med annet morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregående skule, må ha bestått Bergens testen, eller anna norsk test på B2 nivå. Dokumentasjon må vedlegges søkanden.
Kva vi ser etter hos deg
Hos oss er det viktig at du
- forstår samanhengar og har blikk for både detaljar og heilskap
- kommuniserer tydeleg og samarbeider godt med ulike faggrupper
- inkluderer dei rundt deg og skaper retning og tryggleik i leiarrolla
- jobbar strukturet og følgjer opp det du har sett i gang
- har god kapasitet og klarer å stå i eit høgt tempo når det krevst
- er lojal i høve til avgjerdsler og retningslinjer
Kvifor skal du velje oss?
- Du får bidra til tryggleik og behandling for menneske som treng deg.
- Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og tett samarbeid.
- Vi legg godt til rette for fagleg utvikling – med opplæring, rettleiing og internundervisning som del av kvardagen.
Valen sjukehus ligg i vakker vestlandsnatur med fjell, fjord og fonn i nærleiken.
Dersom dine fritidsinteresser rettar seg meir mot det kulturelle, har kommunen eit aktivt kulturtilbod. Rosendal med baroniet ligg 30 minuttar unna med bil. Regionssenteret Husnes med kino, kjøpesenter og skule -og idrettsenter er ein 10 minutt kjøretur unna. Kommunen er også kjent som ein ein aktiv festivalkommune
Kontaktinformasjon
Marianne Lund Anderssen, Avdelingsleiar, +47 53466407Arbeidsstad
Sjukehusvegen 155451 VALEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4994862245
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2025
Søknadsfrist: 17.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Marianne Lund Anderssen
Avdelingsleiar
+47 53466407
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
879056e4-a736-4f40-9923-7d8eaefd1f63
- Hentet fra
talentech
- Referanse
73ed4bce22c14bc3a250f9eb19f163d9