Servicemedarbeidar
Kulturhuset Trivselshagen, Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Servicemedarbeidar
Oppstart
15. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 10%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 1. mai
Arbeidsoppgåver
- Kundehandsaming, billettering, sal og service
- Tekniske oppgåver i samband med filmvisningar/utleige
- Vertsskap for kulturhuset
- Andre oppgåver m.o.t. drift av kulturhuset.
Stillinga er timebasert, utgjer omlag 15 t/md., og er organisert med arbeid kvar 3.helg
Kvalifikasjonar
- Du er ærleg, punktleg, fleksibel og effektiv
- Du har godt humør, taklar stress og er utadvendt
- Du er filminteressert, og innstilt på sjølv å skape gode kulturopplevingar for kundane våre
- Du har god kjennskap til bruk av pc og ulike dataprogram, og gode norskkunnskapar
- Du har ein positiv haldning, og evne til å arbeide sjølvstendig
- Du har gjerne erfaring frå anna kunderetta arbeid
Vi tilbyr
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Kontaktinformasjon
Ola Tarjei Kroken, Avdelingsleiar Kulturhuset Trivselshagen, +47 913 36 862Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4949137831
Stillingsprosent: 10%
Fast
Startdato: 15.08.2025
Søknadsfrist: 01.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Ola Tarjei Kroken
Avdelingsleiar Kulturhuset Trivselshagen
+47 913 36 862
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2907800
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3f31e7d4b5a8440997888eca675e1eb7