GIS- og geodatakoordinator - 2-årig engasjement i Valdres-GIS
Vang Kommune, Landbruk og teknisk
Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres
Om jobben
- Stillingstittel
- GIS- og geodatakoordinator - 2-årig engasjement
- Type ansettelse
- Engasjement, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 20. juli
Valdres-GIS-samarbeid (VGIS) er eit interkommunalt kartsamarbeid mellom dei seks Valdreskommunane Etnedal, Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Vestre Slidre, Øystre Slidre og Vang. Samarbeidet har felles programvare, kartdatabaser og internettkart. Vang kommune er vertskommune for samarbeidet. Vi søker no etter ein GIS- og geodatakoordinator i eit 2-årig engasjement, med moglegheit for forlenging eller vidare tilsetjing. Kontorstad er i utgangspunktet i Vang kommune, men det kan også vere aktuelt med fleksible løysingar for kontorplass i andre kommunar i Valdres.
Kvifor søke på denne stillinga?Hos oss får du:
- ei variert stilling på tvers av fagområde:
- ein kvardag med stor grad av sjølvstende og ansvar
- gode moglegheiter til å påverke, utvikle og forbetre kommunane sine løysingar
- jobbe tett på samfunnsutvikling, arealforvaltning og beslutningsgrunnlag
- vere ein sentral ressurs for fleire kommunar - og sjå direkte effekt av arbeidet ditt
Vi ser etter deg som er nysgjerrig, fagleg engasjert og som trivst med å finne smarte og praktiske løysingar.
Om stillinga
Du vil få ei viktig rolle i å vidareutvikle og tilpasse kartsystema til VGIS slik at dei blir effektive verktøy for kommunane. Du vil kunne jobbe både operativt og utviklingsretta, og fungere som ein viktig støtte for saksbehandlarar og fagmiljø.
Du vil blant anna jobbe med:
- oppsett, tilpassing og vidareutvikling av webkart og karttenester (ArcGIS Online)
- tilrettelegging og visualisering av romlege data
- oppfølging av forvaltningssystem (Gisline) og brukarar
- analyse og dataarbeid som bidreg til enklare og betre saksbehandling, mellom anna ved bruk av FME.
- kvalitetsheving av: matrikkel, plan- og grunnkartdata.
- bidra i gjennomføring av nasjonale og regionale satsingar innan geodata
Du vil få ei viktig koordinerande rolle i regionen og samarbeide tett med:
- fagavdelingar i kommunane og kommunane i mellom
- regionale samarbeid og fagfora i Innlandet
- leverandørane våre
Du vil også representere VGIS i regionale nettverk - og vere med å løfte geodataarbeidet i ein region som er kjent for sterke fagmiljø og godt samarbeid.
Kvalifikasjonar
- ynskjeleg med relevant høgare utdanning, men god GIS kompetanse kan vege opp for manglande utdanning
- GIS-kompetanse eller anna relevant erfaring
- god IT forståing og erfaring
- kjennskap til digitale arealplanar er ein fordel
- førarkort klasse B og disponere eigen bil
- gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Me legg vekt på at du:
- har god gjennomføringsevne, og er serviceinnstilt og løysningsorientert
- kan skape god dialog og byggje relasjonar
- ser saker i samanheng
- arbeider godt både sjølvstendig og saman med andre
Vi tilbyr
- løn etter kvalifikasjonar og etter kommunens regulativ
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- fleksibel arbeidstid
- tilsetting skjer på vilkår som til ei kvar tid gjeld i kommunal sektor
Kontaktinformasjon
Ingeborg Lunde, Kommunalsjef Landbruk og teknisk, +47 61369484
Arbeidssted
Tyinvegen 5161
2975 VANG I VALDRES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang Kommune
Referansenr.: 5140369022
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 20.07.2026
Kontaktperson for stillingen
Ingeborg Lunde
Kommunalsjef Landbruk og teknisk
+47 61369484
Om bedriften
Vang kommune som arbeidsgjevar:
- Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
- Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
- Vang kommune har nynorsk som skriftspråk.
Å bu i Vang kommune:
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres.
- Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
870ae84f-555a-4eba-a9d1-3d3e661cfab9
- Sist endret
22. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2d21e26b218342eda4d996235cc258ca