Engasjert miljøterapeut søkast til eittårig vikariat i bufellesskap!
Bu og miljø, Kinn kommune
Skudalsvegen 2, 6900 Florø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleier
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 15. mai
Har du ei treårig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning og eit brennande engasjement for målretta miljøarbeid? Ønskjer du å gjere ein positiv forskjell i kvardagen til bebuarane i eit av våre bufellesskap? Då kan dette vere din neste utfordring!
Vi søkjer etter ein initiativrik og fagleg sterk miljøterapeut i 100% stilling for eit eittårig vikariat. I dette bufellesskapet bur det menneske med ulike behov, og fokuset i stillinga vil vere på å skape ein trygg, forutsigbar og utviklande kvardag gjennom målretta miljøarbeid.
Arbeidsoppgåver
Dine ansvarsområde og arbeidsoppgåver vil inkludere:
Utarbeide, implementere og evaluere individuelle planar og tiltak i samarbeid med bebuarane og kollegaer.
Direkte miljøarbeid med bebuarane, med fokus på meistring, sjølvstende og deltaking i kvardagsaktivitetar.
Strukturere og tilrettelegge for ein fforutsigbar kvardag og eit positivt miljø i bufellesskapet.
Samarbeide tett med andre faginstansar og pårørande.
Bidra aktivt i tverrfagleg teamarbeid og rettleiing av kollegaer.
Sikre god dokumentasjon i samsvar med gjeldande retningslinjer.
Arbeid i turnus med langvakter og arbeid kvar tredje helg.
Har det medisinskfalgege ansvaret om du er vernepleiar/ sjukepleiar
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som:
Har fullført ei treårig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning (til dømes vernepleiar, sosionom, ergoterapeut, sjukepleiar eller barnevernspedagog).
Har erfaring frå målretta miljøarbeid og/eller arbeid med menneske med sammensatte behov.
Er engasjert, initiativrik og har evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
Har gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter og evner å bygge tillit.
Er strukturert, løysingsorientert og har god skriftleg framstillingsevne.
Er fleksibel og positiv til å jobbe i turnus med langvakter og helgearbeid.
Kjennskap til Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester kapittel 9.
Personlege eigenskapar
- Ein som set bebuar i fokus, er tilstades, rettleiar og motiverar til å ta gode val
- Ein lagspelar som kan gjøre andre gode
- Være ein pådrivar til positiv arbeidskultur og godt arbeidsmiljø
- Du er ærlig og åpen i kommunikasjonen
- Du er ein som deler raust av kunnskap og erfaringer
- Som bidreg til sjølvbestemmelse og brukarmedverknad for bebuarane
- Som er ein trygg fagperson, aktiv og engasjert i faget ditt
- Som kan jobbe sjølvstendig, og samarbeidar godt med kollegaer
- Ein som lyttar, reflekterer og kommuniserer tydelig og respektfullt
- Ein som kan rettleie og gje råd til kollega, vikar, student og helsefaglærling
- Personleg egenhet vektleggast i stor grad
Vi tilbyr
- Eit arbeidsmiljø som er prega av godt humør og eit sterkt engasjement for bebuarane.
- Deltar i ulike samarbeidsmøter, team møte, etisk refleksjon mm.
- Varierte, spanande og utfordrande arbeidsoppgåver kor du får brukt kompetansen din
- Du vil få god opplæring og rettleiing
- Årsturnus
- God pensjonsordning
- Kompetanse lønnsstige
- Legger til rette for vidareutdanning og personleg utvikling i jobben
Kontaktinformasjon
Marte Osland Aarberg, Tenesteleiar bu og miljø 2, 45631570Arbeidsstad
Skudalsvegen 26900 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4963564017
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 15.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Marte Osland Aarberg
Tenesteleiar bu og miljø 2
45631570
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.419 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2935287
- Hentet fra
talentech
- Referanse
627507723bb547cab520ae7b5adc6a26