Seksjonsleiar Molde/Midsund
Stillingsannonsen er inaktiv.Avdeling for båt- og bilambulanse, Helse Møre og Romsdal HF
Tellusvegen 2, 6419 Molde
Vi har ledig 100% stilling som seksjonsleiar med oppstart 01.06.23
Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF organiserer den prehospitale aktiviteten i fylket. Bil -, båt- og luftambulansane, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113). samt pasientreiser.
Stillinga som seksjonsleiar er organisatorisk underlagt avdelingssjef Avdeling for båt- og bilambulanse.
Seksjon Molde/ Midsund består av 3 døgnambulanser, 2 plassert i Molde og 1 på Midsund. Tenesta hadde i 2022 ca. 3800 oppdrag. Seksjonen har til saman 24 årsverk og tar årlig inn 1-2 lærlingar i ambulansefaget.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for å ivareta drift av seksjonen; medarbeidarar, bilpark, utstyr og lokasjonar
- Ansvar for at seksjonen vert drive i samsvar med gjeldande lover/føreskrifter, interne retningsliner og innanfor økonomiske rammer
- Seksjonsleiar har eit samla personal-, budsjett og fag ansvar for seksjonen, og skal sikre bemanning og drift etter gitte rammer
- Leggje til rette for god kvalitet og fagleg utvikling også med fokus på standardisering
- Fokus på utvikling og motivering av medarbeidarar
- Vise initiativ og innsats for utvikling av heile avdelinga, klinikken og føretaket
- Følge opp medarbeidarar; her under å gjennomføre medarbeidarsamtalar, oppfølging av sjukefråvær og arbeidsmiljø
- Gjennomføre, i tråd med føretakets retningslinjer, ansettelsar i eigen seksjon
- Arbeid knytt til HMS i samarbeid med vernetenesta, gjennom overordna samt lokalt utarbeidde planverk. Ressurs- og arbeidstidsplanlegging
- Medverke til utvikling/oppfølging av budsjett og regnskapsarbeid
- Kvalitetsarbeid i føretakets kvalitetssystem - vidareutvikling av rutinar og prosedyrer
- Bidra i arbeid som gjeld heile avdelinga
- Vere stedfortredar for leiar kollegaer i andre seksjonar
Kvalifikasjonar
- Egnaheit for stillinga blir vektlagt
- Det er ønskeleg med relevant helsefagleg utdanning
- Leiarutdanning/leiarerfaing, eller vere villig til å gjennomføre slik utdanning
- Må beherske norsk skriftlig og muntlig, samt ha god IKT-kompetanse
- Kjennskap til økonomi- og personaloppfølging
- Arbeidsoppgåvene inneber noko reisevirksomhet, slik at søkaren må disponere bil
Personlege eigenskapar
- Du er ein leiar som er synleg og tydeleg for sine tilsette og avdelinga
- Opptatt av og veit kva som skal til for å skape eit godt arbeidsmiljø
- Stor arbeidskapasitet
- Strukturert og handlekraftig
- Evne til samarbeid og omstilling
- Initiativrik, teambyggande og målretta
- Gode kommunikasjon- og formidlingsevner
- Faglig engasjert, med evne og vilje til vidareutvikling
- God gjennomføringsevne, resultat- og løysingsorientert
Personlege eigenskapar vil vektleggast høgt.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Kontaktinformasjon
Knut Erik Skogheim, Avdelingssjef, 951 90 921, Knut.Erik.Skogheim@helse-mr.noArbeidsstad
Tellusvegen 26419 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4638765183
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2023
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Avdeling for båt- og bilambulanse, Helse Møre og Romsdal HF
Adresse
Parkvegen 84, 6412 Molde
Hjemmeside
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede ann i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?
Vi minner om at du kan få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Vi vurderer ei slik oppmoding og tar kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Om stillingen
Stillingstittel
Seksjonsleiar Molde/Midsund
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 13. april 2023
Hentet fra: talentech
Referanse: 86cf5a4eb616431cbc4f6428b1c10217
Stillingsnummer: 86d9597f-e60e-48ca-8fc8-a095e6f35b07