Barnehagelærar
Bygland Kommune
Byglandsfjord, 4745 Bygland
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærar
Oppstart
1. august 2023
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Bygland barnehage er ein toavdelingsbarnehage med om lag 25 barn, som ligg midt i Bygland sentrum. Turområde, bondegarder og fjorden er tett på, i tillegg til at vi har eit stort og nyopprusta uteområde. Vi jobbar systematisk med språk og språkstimulering, og er med i leseprosjektet READ Agder. Staben vår er dyktig og engasjert, og har svært nøgde barn og føresette.
Vi har ledig inntil 140 % fast stilling som barnehagelærar, og ser etter engasjerte pedagogar som vil by på seg sjølv i det faglege fellesskapet og i barnehagekvardagen. Vil du vere ein av dei viktigaste rollemodellane til barna våre, er du kanskje vår nye kollega!
Arbeidsoppgåver
- Ha dagleg omsorg for barn inne og ute
- Skape eit positivt leike- og læringsmiljø
- Støtte barn i sosialt samspel, og bygge fellesskap
- Samarbeide med føresette og tilsette
- Bidra i pedagogisk utviklingsarbeid
- Bidra i planlegging av pedagogisk verksemd
- Bidra til eit raust og inkluderande arbeidsmiljø
- Bidra til eit nytenkande og kreativt fagmiljø
Kvalifikasjonar
- Godkjent barnehagelærarutdanning/førskulelærarutdanning
- Gode IKT-kunnskapar er ønskeleg
- Gode norskspråklege ferdigheiter, skriftleg og munnleg
- Gyldig politiattest, ikkje eldre enn tre månader
Personlege eigenskapar
- Ein trygg vaksen som er engasjert i barn
- Leiken og nysgjerrig
- Initiativrik og kreativ
- Trivast med leik og aktivitet inne og ute
- Stabil og påliteleg
- Fleksibel og samarbeidsviljug
- Sjølvstendig og ansvarsfull
Vi tilbyr
Eit engasjert og kompetent fagmiljøEit inkluderande og godt arbeidsmiljø
Deltaking i kompetanseheving
Givande og varierte arbeidsoppgåver
Leik og læring
Ein sektor i utvikling
Lønn etter gjeldande tariff
Kontaktinformasjon
Sigrid Greibrokk, Assisterande tenesteleiar, 95746056, sigrid.greibrokk@bygland.kommune.noHind Helene Harira, Tenesteleiar, 48180180, hind.helene.harira@bygland.kommune.no
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 4631891007
Stillingsprosent: 100, 40%
Fast
Startdato: 01.08.2023
Søknadsfrist: 22.03.2023
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2277611
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d1926543764740138eedae75ded09126