Hopp til innhold

Ledig stilling i Psykisk helse og rus

Arbeidsgiver

Aukra kommune Helse

Sted

Aukraringen 17, 6480 Aukra

Om jobben

Stillingstittel
Miljøterapeut
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 20. mai

80 % stilling miljøterapeut - psykisk helse og rus 

Ein av våre tilsette skal bli pensjonist og me ønskjer oss ein ny medarbeidar for å gjere teamet komplett. Liker du å være aktiv saman med andre, samtidig som du er kreativ og ikkje er redd for å ta ei utfordring? Då oppfordrar vi deg til å søkje: 

80 % fast stilling som miljøterapeut 

Aukra kommune ønskjer seg ny medarbeidar som kan verte ein del av eit solid team med gode fagfolk. Stillinga som miljøterapeut skal i hovudsak bistå personar med rettleiing i dagleglivets oppgåver som; helse, søknadar, bustad, økonomi, arbeid, aktivitet og fritid med meir. Arbeidet er i hovudsak på dagtid, men den som vert tilsett må kunne rekne med å arbeide på ettermiddag/kveld ved behov. Næraste leiar er avdelingsleiar. 

Om avdelinga 
Stillinga er organisert i psykisk helse og rus som høyrer til eining for Helse. Eininga består av legesenter, helsesjukepleie, fysio- og ergoterapi, samt psykisk helse og rus. Avdelinga består av 2 miljøterapeutar og 2 stillingar som psykiatrisk sjukepleier. Psykisk helse og rus driv lågterskeltilbod, førebyggjande arbeid, miljøarbeid og individuell oppfølging for personar med låge eller moderate psykiske helseproblem. Avdelinga er òg ein del av det psykiske helseteamet for barn og unge i Aukra kommune og er med i fleire tverrfaglege og interkommunale samarbeidsprosjekt 

Vi ønskjer søkjarar med følgande kvalifikasjonar; 

  • 3- årig helse- og sosialfagleg utdanning på høgskolenivå 
  • Vidareutdanning innan psykisk helse, rus eller annan relevant utdanning. 

Kvalifiserte søkjarar utan vidareutdanning må forplikte seg til å ta dette for å bli tilsett. 

  • Erfaring frå klinisk arbeid er ein fordel 
  • God på observasjon, kommunikasjon og samhandling 
  • Godkjent politiattest 
  • Sertifikat klasse B 
  • Digital kompetanse 
  • Godt munnleg og skriftleg språk (nynorsk) 
  • Personleg eigna for stillinga 
  • Fleksibel i tenesta og med gjennomføringsevne 

Vi tilbyr 

  • Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer 
  • Løn etter tariff 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Geir Solemdal

+47 95079922

geir.solemdal@aukra.kommune.no

Om bedriften

Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal og er kjent for sin robuste økonomi. Kommunen har 3750 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort. Aukra kommune har om lag 450 tilsette. Administrativt er vi organisert i tre nivå: kommunedirektør, fire kommunalsjefar som leiar kvar sin sektor med totalt 14 einingar. Kommunen har gode utviklingsmoglegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar. Våre verdiar er "Attraktiv - Uredd - Kvalitet - Raus - Arbeidsglede. Vi legg stor vekt på meistringsorientert og myndiggjerande leiing

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

86c91541-799b-403d-ac9c-f011a6487ee5

Sist endret

5. mai 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3624727_192443_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser