Hopp til innhold

Overlege indremedisin

Arbeidsgiver

Medisinske legar Volda, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Kløvertunvegen 1, 6103 Volda

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Overlege indremedisin
Oppstart
15. januar 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vi har ledig stilling for overlegar innan indremedisin ved medisinsk avdeling i Volda!

Medisinske legar Volda har ledig 2 100% faste stillingar for overlege innan indremedisin med oppstart frå 15.01.26. Vi er ei generell medisinsk avdeling som behandlar pasientar med indremedisinske problemstillingar. Vi er lokalsjukehus for Søre Sunnmøre. Vi har spesialistar innanfor dei fleste faggruppene i indremedisin.
Vi har ein stor sengepost, poliklinikk med mykje aktivitet, og har også ansvar for indremedisinske pasientar på intensiv. 

Du er velkomen som søkjar!


Arbeidsoppgåver

  • Visitt og tilsyn på inneliggjande pasientar på sengepost, intensiv og poliklinikk
  • Deltaking i vakttjeneste
  • Vurdering av henvisningar.
  • Undervisning og supervisjon av LIS-legar. 

Kvalifikasjonar

  • Spesialist innan indremedisin
  • Du bør ha gode kunnskapar i norsk eller skandinavisk språk

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og har interesse for å drive med faget ditt, også utvikle deg vidare innanfor faget
  • Vi er eit lite sjukehus, der vi samarbeider og kjenner kvarandre på tvers av avdelingane, så det er viktig å kunne kommunisere tydeleg
  • Du medverker aktivt til å behalde vårt gode arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon, må leggast ved søknad på stilling.

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her

Kontaktinformasjon

Miriam Wiksnes, Seksjonsleiar, Miriam.Wiksnes@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1
6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5044365322
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 15.01.2026
Søknadsfrist: 10.12.2025

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

86c58ffc-493c-4713-a9fb-975a20b9f6e7

Sist endret

11. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

e7b813ecf4b547cfb5d47db759ab6469

Lignende annonser

Laster lignende annonser