Sjukepleiar til vikariat i pleie og omsorg
Samnanger kommune
Tyssevegen 217, 5650 Tysse, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar i pleie og omsorg
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest fredag 27. juni
Om stillinga
For å kunna møta dagens og framtidas utfordringar treng me dyktige og engasjerte medarbeidarar med hjarta for eldreomsorg.
Pleie og omsorg har ledig sjukepleiarstilling, vikariat i 100 %, frå august 2025 til og med august 2026 med langvakter kvar 6. helg eller dag/kveld kvar 4. helg.
Eininga har integrerte tenester der ein arbeidar både i heimetenesta og på sjukeheimen.
Pleie og omsorg yter helsehjelp til innbyggjarane etter lov om kommunal helse - og omsorgstenester. Arbeidsoppgåvene er varierte og me ynskjer å gje eit godt tilbod til pasientar på Samnangerheimen og til heimebuande, med høg fokus på kompetanse og forsvarlegheit. Me har stor fokus på tidleg oppdaging og gjenkjenning av forverra tilstand og iverksetjing av tiltak, som sikrar ein god og forsvarleg pasientbehandling. Heimetenesta jobbar målretta for at pasientane skal få bu og virka i eigen heim så lenge det er fagleg forsvarleg. Heimetenesta utfører ulike prosedyrar i eigen heim og legg til rette for at pasientane kan væra heime i sluttfasen. Me jobbar kontinuerleg med velferdsteknologi og set inn teknologi der det er naudsynt. Fagdekninga er stor og kompetansa høg med flotte dyktige tilsette. Me har stor takhøgde for faglege diskusjonar og alle tilsette er viktig.
Samnangerheimen er ein sjukeheim med 25 plassar og har høgt fokus på fag og utvikling til det beste for pasientane. Me har pasientar på lang- og kortidsplassar, og tilbyr blant anna utredning, behandling, rehablilitering, avlastning, lindrande- og palliativ behandling. Samnangerheimen har eige produksjonskjøkken, samt avdelingskjøkken som gjer oss fleksible og skaper gode måltidssituasjonar. Me har stort fokus på ernæring både for pasientane på Samnangerheimen og til heimebuande.
Over tid har pleie og omsorg fått fleire sjukepleiaroppgåver overført frå sjukehus og dette gir oss varierte og spennande arbeidsdagar der du får brukt sjukepleiarfaget og utgjer ein forskjell. Saman med gode kollega får du utvikla faget og i stor grad ha påverknad på eige fagmiljø som igjen skapar engasjement og arbeidsglede blant tilsette.
Som tilsett hjå oss vil du få ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollega. Du vil få opplæring og høve til utvikling innan ulike fagfelt.
Arbeidsoppgåver
- Gje omsorg og pleie til pasientar på sjukeheimen, i omsorgsbustader og i egne heimar, i tråd med vedtak
- Samhandla med pasientar, pårørande og kollega
- Utføra sjølvstendige og delegerte oppgåver
- Ta ansvar for eiga fagleg og personelg utvikling
- Sikre pasientens individuelle behov
- Jobba målretta for å gje pasientane og deira pårørande ein tryggleik og ein fagleg kvalitet som speglar ein verdig alderdom
- Ta del i faglege avgjerder og utviklinga i einingane
- Delta i team rundt brukar og bidra med fagleg kompetanse
- Sjukepleiardokumentasjon etter lov og forskrift
- Gi råd og rettleiing til kollegaer og studentar
- Legevisitt, deltaking i medisinsk behandling, medisinadministrasjon og legemiddelgjennomgang
- Delta i daglege gjeremål i eininga og andre delegerte arbeidsoppgåver frå leiar
Kvalifikasjonar
Krav- Autorisasjon som sjukepleiar
- God kunnskap innan sjukepleiarfagleg dokumentasjon
- Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
- Fleksibel og endringsdyktig
- Gode ferdigheitar innan bruk av IKT-verktøy
- Søkjar må ha førarkort
- Du må leggja fram gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Tydelig, raus og engasjert
- Gode samarbeidsevner, men samstundes tørre å ta eigne avgjersler når det trengs
- Er lojal til arbeidsoppgåver, rammer og beslutninger som er gitt i tenesta
- Er ein person med positive haldningar, er fleksibel og ser moglegheitar framfor begrensingar
- Du er engasjert og ansvarsbevisst
- Evne til å takle stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
- Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
- Personlig egnaheit vil bli vektlagt
Me tilbyr
- Arbeid kvar 6. helg med langvakter eller kvar 4. helg med dag og kveld
- Årsturnus
- Arbeid i team med gode kollega
- Utfordrande og varierte oppgåver
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsmilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV, PPT og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
86bdb023-040d-4565-8f55-167703de0f95
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10253048