100 % fast stilling som reinhaldar
Årdal kommune Tekniske tenester
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. oktober
Er du ein person som trivst med å gjera ein viktig jobb som betyr noko for mange? Likar du å arbeide både sjølvstendig og saman med andre, og set pris på orden og kvalitet i arbeidet ditt? Då kan dette vere jobben for deg!
Årdal kommune søkjer no ein positiv, påliteleg og fleksibel reinhaldar til ei fast heiltidsstilling i reinhaldsavdelinga vår.
Som reinhaldar hjå oss vert du ein del av eit fagleg dyktig og inkluderande arbeidsmiljø, der me samarbeider tett for å levera gode tenester til innbyggjarane i kommunen. Reinhaldsarbeidet er ein føresetnad for god drift i barnehagar, skular og andre kommunale bygg – og bidreg direkte til trivsel, helse og tryggleik.
Arbeidsoppgåver
Reinhaldsavdelinga har ansvar for reingjering av Årdal kommune sine eigne bygg og eventuelle andre bygg kommunen nyttar i si tenesteproduksjon.
Du vil:
- utføra reinhald etter gjeldande reinhaldsplanar
- bidra til god kvalitet og effektiv gjennomføring av arbeidsoppgåvene
- arbeida både sjølvstendig og saman med andre
Kvalifikasjonskrav
- Fagbrev som reinhaldar er ein fordel, men relevant erfaring kan kompensere for manglande fagbrev
- Førarkort klasse B er påkrevd
Personlege eigenskapar
Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og søkjer deg som:
- er allsidig, fleksibel og ansvarsbevisst
- kan arbeida strukturert og sjølvstendig
- har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- har ei serviceinnstilt haldning og kommuniserer godt med «kundar»
Me tilbyr
- Ein trygg og meiningsfull arbeidsplass i ein viktig samfunnsfunksjon
- Løn etter gjeldande tariffavtale (reinhaldar eller fagarbeidar)
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilgang til bedriftshytte på Skeikampen
Andre opplysningar:
- Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25.000kr i året gjeld for deg som har bustadadresse i Årdal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering.
- Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- For stillingar der det etter lov eller forskrift vert stilt spesielle krav til politiattest, skal det leggjast fram før tilsetjing.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
86bd9869-3d99-42a6-8a86-4d450dcc4d66
- Sist endret
21. september 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3663645_226807_nn