Sotra legevakt
Øygarden kommune Sotra legevakt
Blombakkane 77, 5354 Straume, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/ medisinstudent i sommarvikariat
Type ansettelse
Sesong, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om avdelinga:
Sotra legevakt er kombinert legevakt og legevaktsentral og er del av den akuttmedisinske kjeda. Vi er godt organisert og har eit godt arbeidsmiljø.
Legevakta har nye og moderne lokale i Øygarden lokalmedisinske senter, sentralt plassert på Straume.
Vi søkjer no etter sommarvikarar, med moglegheit for ekstravakter vidare.
Arbeidsoppgåver:
- Operatør legevaktsentral
- Triagering av pasientar
- Enkelt laboratoriearbeid
- Prosedyrearbeid
- Pasientbehandling
- Sjukebesøk med legevaktbil, både akutte og andre oppdrag
- Diverse forfallande arbeid
Kvalifikasjonar:
Må ha:- Autorisert sjukepleiar eller medisinstudent ferdig med 4. år
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Sertifikat klasse B
- Gode IKT kunnskapar
- Relevant vidareutdanning
- Erfaring frå legevakt/akuttmedisin
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
- Kunnskapsrik
- Sjølvstendig
- Påliteleg
- Evne til å handtere akutte hendingar
Vi legg stor vekt på at du er personleg egna til stillinga.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Anna
Kontakt:
Christin Mork, Leiar Sotra legevaktMail: christin.mork@oygarden.kommune.no
Tlf. 41 31 54 86Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig