Lege i spesialisering (LIS) innan anestesiologi
Anestesilegar SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering (LIS) innan anestesiologi
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vi har ledig vikariat for lege i spesialisering (LIS) innan anestesiologi. Vikariat inntil 18 månader med oppstart etter nærare avtale med seksjonsleiar.
Seksjon for anestesilegar i Kristiansund er ein del av avdeling for kirurgi i Klinikk SNR (Sjukehuset Nordmøre og Romsdal).
Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering. Teneste som ikkje er dokumentert, vil ikkje bli tatt med i vurdering.Arbeidsoppgåver
- Deltaking i avdelinga si kliniske drift
- Vaktordningar etter avdelinga sitt behov
- Den som vert tilsett må, om nødvendig, delta i undervisning av medisinstudentar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Må ha gjennomført LIS1
- Må har gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
- Ønskjeleg med erfaring frå anestesi
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, målstyrt og fleksibel
- Du har god evne til samarbeid og rettleiing
- Du er ansvarsbevisst, sjølvstendig og beslutningsdyktig
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Byen vår!
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Per Johan Lans, Seksjonsleiar , Per.Johan.Lans@helse-mr.no
Arbeidssted
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4709297659
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 08.10.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2438827
- Hentet fra
talentech
- Referanse
777c971ccb0c495f9c3d42ea7dc4c14b