Vil du jobbe i det største integrasjonsmiljøet på Vestlandet?
Integrasjon, Helse Vest IKT
Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Integrasjonsarkitekt
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Hos oss får du jobbe i eit stort, tverrfagleg miljø med eit inspirerande samfunnsoppdrag. Fokuset ditt vil vere på integrasjonar og integrasjonsarkitektur, og behovet for samhandling mellom ulike system. Du vil få ein kvardag med mange utfordingar, mykje læring og rom for fagleg og personleg utvikling i stillinga som integrasjonsarkitekt.
Helse Vest IKT har etablert eit integrasjonssenter med eit samla ansvar for koordinering, leveranse og forvaltning av integrasjonsløysingane, og er med sine 41 kunnskapsrike medarbeidarar eit viktig og etterspurt kompetansesenter i helsesektoren.
Helse Vest har eit av dei mest komplekse systemlandskapa på Vestlandet. Datasystem i helsevesenet har dei siste åra blitt heilt sentrale i pasientbehandlinga, og behovet for utveksling av data mellom systema er stort. Tilgang til kritiske helsedata for 1,2 millionar innbyggarar på ein enkel, men samstundes trygg og effektiv måte, har aldri vore viktigare.
Om stillinga
Du vil inngå i eit team med 16 arkitektar og utviklarar. Saman vil de ha direkte innverknad på korleis lokale, regionale og nasjonale løysingar blir realiserte. Som integrasjonsarkitekt skal du sørgje for at løysingane har god kvalitet. Samstundes skal dei tole den raske teknologiutviklinga og ivareta ein heilskapleg arkitektur. Du vil ha ei brei kontaktflate med mange interessentar, til dømes leiarar og helsepersonell, arkitektar, systemforvaltarar og teknisk personell hos leverandørar.
Kva gjer en integrasjonsarkitekt?
Som integrasjonsarkitekt omset du behov for samhandling mellom system til saumlause integrasjonsløysningar.
- Skaffar innsikt og analyserer behov i tett dialog med brukarar, løysingsarkitektar og andre interessentar, ofte med støtte i UML, BPMN eller Archimate modellar.
- Sørgjer for at alle partar har felles forståing av kva behovet er og korleis det kan løysast.
- Vurderer arkitektur (passe inn i eksistande arkitektur).
- Velgjer standarder og integrasjonsmønster, til dømes synkron HL7 FHIR integrasjon.
- Stiller krav til systemleverandører og utviklere.
Kven er du?
- Har utdanning på bachelor- eller masternivå, fortrinnsvis teknisk.
- Nysgjerrig på ny teknologi og tileignar deg raskt ny kunnskap.
- Er lyttande, analytisk og strukturert.
- Er ein lagspelar og god til å byggje relasjonar.
- Formulerer deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg.
Hos oss får du
- Vere del av arkitekturarbeid og prosjektarbeid i ein stor organisasjon
- Varierte og utfordrande arbeidsdagar. Du får jobbe med både store og små oppdrag.
- Eit skikkeleg bra arbeidsmiljø. Vi spelar kvarandre gode og har det gøy saman på jobb.
- Ein arbeidsgjevar som forstår at livet er meir enn jobb, og vektlegg ein god balanse mellom jobb og privatliv.
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
- Fleksible ordningar med heimekontor, fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
Høyrest dette ut som noko for deg? Søk slik at me kan snakkast!
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ingvei Seliussen , Teamleiar Arkitektur og utvikling, 95441801Steinar Aslaksen Hamre, Seksjonsleiar, +47 91356369
Arbeidsstad
Bjørnsons gate 295052 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKTReferansenr.: 4976287790
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Steinar Aslaksen Hamre
Seksjonsleiar
+47 91356369
Ingvei Seliussen
Teamleiar Arkitektur og utvikling
95441801
Om bedriften
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8656df0b-b3c1-4422-8e3c-7e5788996d01
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7054362ed549428eaee862d48e561513