Har du auge for detaljane – og oversikt over heile farvatnet?
Fjord1 AS
Strandavegen 15, 6905 Florø, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Controller
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet – over halvparten av fartøya våre er elektriske, og vi utviklar verdas første sjølvgåande ferjer. Vi tør å påstå at vi er moderne, innovative og framtidsretta – og langt frå kjedelege! Med visjonen om å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, held vi stø kurs mot ei grøne framtid.
No søker vi ein controller som vil ta ein sentral plass i økonomiavdelinga vår. Her får du ein variert og spennande kvardag med ansvar for nøkkelprosessar innan rapportering, analyse og økonomisk styring – midt i hjarte av det som rører seg på dekk i Fjord1.
Økonomiavdelinga vår består av om lag 20 dyktige medarbeidarar, og vi har eit arbeidsmiljø prega av fagleg engasjement, godt samarbeid og høg trivsel. Hos oss får du jobbe tett på andre avdelingar og få brei innsikt i det som rører seg i Fjord1 og ferjemarknaden. Å vere ein del av ein stor administrasjon i ein "liten" by gir eit miljø der det både er sosialt og fagleg utviklande å jobbe.
Vi skal vere ærlege: Arbeidskvardagen kan vere hektisk med mange fristar samtidig. Du må trivast med å ha fleire ballar i lufta, halde stø kurs når bølgjene går høge, og like å ta eit tak når det trengst for å levere tal og rapportar med god kvalitet. Samstundes får du rikeleg med faglege utfordringar, stadig læring – og eit arbeidsmiljø som heiar på deg.
Arbeidsoppgåver
Som controller i Fjord1 får du ansvar for viktige prosessar som bidreg til styring og utvikling av selskapet. Du vil ha stor påverknad på økonomisk rapportering, prognosar og analyser.
Dine hovudoppgåver blir:
- Drive budsjettprosessar og prognosearbeid
- Utarbeide finansielle rapportar for selskap og konsern
- Overvake og vidareutvikle KPI-rapportering
- Bistå drift og prosjekt med økonomiske analysar og rådgiving
- Følgje opp kontraktsinntekter og rapportere til oppdragsgivarar
- Vere kontaktpunkt mot investorar, bankar og långjevarar
- Utføre valutahandlar og sikringsforretningar
- Delta i ad-hoc prosjekt knytt til økonomi og finansiering
Kven ser vi etter?
For å trivast og lukkast i denne rolla er det viktig at du har ei analytisk tilnærming til arbeidet ditt, samstundes som du evnar å samarbeide godt med andre og bidra til fellesskapet. Du har sans for både detaljar og heilskap, og trivst med å balansere periodar med høgt tempo og mange fristar. Vi ser etter deg som er strukturert, løysingsorientert og sjølvstendig – ein som tek initiativ, held stø kurs når det skjer mykje, og som finn motivasjon i å bidra til utvikling og kvalitet i økonomistyringa.
For å lukkast i rolla bør du ha:
- Høgare utdanning innan økonomi
- Erfaring frå controllerarbeid, økonomistyring eller tilsvarande
- God systemforståing og erfaring med Excel, BI-verktøy eller liknande
- Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
- Solid forståing for rekneskap og økonomiske samanhengar
Eit mannskap for alle
Vi veit at eit mangfald av perspektiv og erfaringar gjer oss sterkare. Vi ønskjer kollegaer med ulike bakgrunnar, kompetansar og livserfaringar, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Våre kontorlokaler er universelt utforma, slik at du kan trivast og jobbe godt uavhengig av behov eller funksjonsevne. Her hos oss handlar det om kva du kan bidra med, ikkje kvar du kjem frå.
Dette kan vi tilby deg
Dette er ei spanande og variert stilling i eit selskap med eit viktig samfunnsoppdrag. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår med gode forsikrings- og pensjonsordningar, slik at du kan føle deg trygg både no og i framtida. Du vil få fleksible arbeidsordningar som gjer det lettare å balansere jobb og fritid, samt rike moglegheiter for fagleg utvikling og karrierevekst.
Arbeidsplassen vår i Florø har topp moderne fasilitetar og eit inkluderande arbeidsmiljø, der samarbeid og trivsel står i sentrum. I kantina vår får du både varmmat kvar dag og vaflar på fredagar – ein liten, men viktig del av fellesskapet vårt. Her vil du bli ein del av eit team med dyktige og engasjerte kollegaer som saman jobbar for å skape dei beste løysingane.
Di faglege og personlege utvikling er viktig for oss, og vi gir deg gode moglegheiter for læring og vekst. I tillegg har vi attraktive velferdsordningar, inkludert tilgang til hytter og leilegheiter for ferie og fritid.
Klar for å stikke ut kursen saman med oss?
Du treng ikkje ha alt på plass for å ta kontakt – vi vil gjerne høyre frå deg uansett.
Send inn ein søknad, eller slå på tråden om du lurer på noko. Kanskje er dette starten på noko veldig bra – både for deg og oss.
Kontaktinformasjon
Regine Gausemel, HR rådgjevar, +47 95440058, regine.gausemel@fjord1.noAne Eliassen, Økonomileiar, 959 47 647, ane.eliassen@fjord1.no
Arbeidsstad
Strandavegen 156905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4962459055
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2938230
- Hentet fra
talentech
- Referanse
979cfd75fc494e9497fcc84a4e869d26