Reinhaldarar
EIU- Eigedom, Vestland fylkeskommune
Vestre Strømkaien 13, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Reinhaldar
- Oppstart
- 10. august 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid 75%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest lørdag 28. februar
Vestland fylkeskommune søkjar etter reinhaldar.
Eigedom og utbyggingsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald, og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 750.000 m², og utgjer vidaregåande skolar, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg.Eigedom og utbyggingsavdelinga har totalt ca. 400 tilsette. Reinhaldstenesta er delt i 2 regionar og organisert i områder, der reinhaldsleiar har ansvar for 2-4 skolar.
Vi har ledig 2 faste 75% stillinger som reinhaldar frå snarast med oppstart 10. august 2026 eller før i region Sør, for tida med oppmøte ved Bergen katedralskole.
Bergen katedralskole ligg i Bergen og er ein av dei eldste skulane i landet. Skolen er i dag ein særs funksjonell og romsleg skole, som tilfredsstiller moderne krav til undervisningsopplegg. Frå å vere det einaste gymnaset i Hordaland for ca. 150 år sidan, er Bergen Katedralskole i dag éin av dei mange vidaregåande skolane i fylket.
Vi søkjer etter reinhaldararar med eller utan fagbrev som har kompetanse innan reinhaldsfaget.
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett med arbeidsstad i vidaregåande skole. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Arbeidsoppgåver
- Reinhald av Vestland Fylkeskommune sine lokaler med moderne utstyr og maskiner. Område Bergen Katedralskole, Fagskolen Nordnes og Voksenopplæringen.
- Reinhald i regionen ved behov.
- Bruke Clean Pilot
- Reingjer etter NS: INSTA 800
Kvalifikasjonar
- Reinhaldar med fagbrev innan reinhald og arbeidserfaring
- Relevant arbeidserfaring
- Gode norsk kunnskapar, da arbeidsspråket er norsk
- Førarkort kl B
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt
- Ha evne til å arbeida sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre på skulen
- Fleksibel
- Kjennskap til databasert verktøy.
Vi tilbyr
- Spennande oppgåver
- Engasjerte og dyktige medarbeidarar
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Gode pensjonsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
Kontaktinformasjon
Monica Tennebekk, leiar, 97571292Wenche Bratten Myking, prøvenemnd, 94191062
Arbeidsstad
Vestre Strømkaien 135008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5079769379
Stillingsprosent: 75%
Fast
Startdato: 10.08.2026
Søknadsfrist: 28.02.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Wenche Bratten Myking
prøvenemnd
94191062
Monica Tennebekk
leiar
97571292
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8607469b-8239-49e8-8a6a-a1773bba0467
- Sist endret
12. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b6d42926c09d4af8be6ebee952915309
Lignende annonser
Renholdsmedarbeider (bedrift)
Arbeidsgiver
Vestavind Renhold AS
Sted
Bergen
Renholdsmedarbeider (bedrift)
Arbeidsgiver
Renex Servicepartner As
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Anonym arbeidsgiver
Sted
Ulset