Hopp til innhold

Vil du bli journalist og bruke nynorsk – her får du opplæring med løn

Arbeidsgiver

Stiftinga Nynorsk avissenter

Sted

Storehagen 10, 6800 Førde

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Vil du bli journalist? Og skrive nynorsk? Då kan vi tilby opplæring med lønn. Og eit halvår fylt av spenning, nye opplevingar og utfordrande journalistisk arbeid.

Oppstart
17. august 2026
Stillingstittel
Journalistpraktikant
Type ansettelse
Trainee, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Hva vi ser etter

Du har:
  • Lyst til å skrive nynorsk og vil bli journalist.

  • Samfunnsinteresse og -engasjement.

  • Stå-på-vilje, likar utfordringar og høgt tempo.

  • Evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre.

  • Førarkort klasse B.

Vi tek inn søkjarar med ulik bakgrunn og utdanning. Vi ønskjer søkjarar frå heile landet, også med fleirkulturell bakgrunn.

Legg attestar og vitnemål ved søknaden, og skriv gjerne nokre ord om kvifor du vil bli nynorskskrivande journalist. Det er på grunnlag av dette vi kallar inn til intervju.

Arbeidsoppgaver

Som journalistpraktikant i Nynorsk avissenter får du jobbe i landets største nynorskavis, Firda.

Du vil få opplæring, ein del teori, men mest praktisk. Alt du skriv vil bli publisert i Firda.

Du vil jobbe som journalist, og får prøve deg på alt frå nyhende og deskjobbing til reportasjar, portrett og video.

Vi tilbyr

Hos oss får du eit halvt år effektiv og intensiv opplæring i journalistikk

Til hausten tilbyr vi plass for fem praktikantar i kull 27 som får ei praktisk retta opplæring på seks månader.

Opplæring og praksis i Førde i fire månader frå 17. august 2026. Deretter to månader praksis i sjølvvald avisredaksjon i januar og februar.

Du får:
  • Førelesingar i språk, foto, presseetikk og journalistisk metode

  • Rettleiing frå erfarne journalistar, og praktisk trening i redaksjonsmiljø med høg digital kompetanse.

  • Du får innføring i m.a. video, strøyming, frontredigering, gravejournalistikk og datastøtta journalistikk.

  • Løn i heile opplæringstida.


Om bedriften

Nynorsk avissenter i Førde tilbyr seks månader intensiv opplæring i journalistikk for nett, avis og sosiale medium.

Så langt har vi lært opp 116 nynorskbrukande journalistar sidan starten i 2013. Godt over halvparten av desse arbeider i dag med journalistikk og kommunikasjon.

Vi held til i Nynorskhuset i Førde sentrum.

Nynorsk avissenter er finansiert av Kulturdepartementet og Firda Media/Amedia.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

85f46a74-33f8-4dde-912a-6922b7a7f52e

Sist endret

16. april 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

85f46a74-33f8-4dde-912a-6922b7a7f52e

Lignende annonser

Laster lignende annonser