Hopp til innhold

Økonomi- og rekneskapsmedarbeidar -- Hotel Alexandra AS

Arbeidsgiver

AS Hotel Alexandra

Sted

Lodalsvegen 22, 6789 Loen

Om jobben

Stillingstittel
Økonomi- og rekneskapsmedarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 13. november

Vil du vere med å vidareutvikle økonomifunksjonen i ei av Vestlandets leiande reiselivsverksemder?

Alexandra konsernet ( Hotel Alexandra, Hotel Loenfjord, Loen Skylift, Hoven Restaurant og Loen Active) søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar til økonomiavdelinga vår.

Som ein del av økonomiteamet vårt vil du få ei sentral rolle i den økonomiske oppfølginga av verksemda.

Vi er opne for kandidatar med ulik bakgrunn og erfaring -- både deg som har solid erfaring frå økonomi- og rekneskapsarbeid, og deg som har relevant utdanning og ønskjer å byggje vidare på kompetansen din.

Arbeidsoppgåver
  • Løpande rekneskapsføring og økonomisk oppfølging

  • Fakturahandtering, betalingsoppfølging og avstemming

  • Kontroll og kvalitetssikring av rekneskapsdata

  • Månadsavslutning og arbeid knytt til årsoppgjer

  • Økonomisk rapportering og analyse

  • Oppfølging og vidareutvikling av rutinar og internkontroll

  • Bidra til digitalisering, effektivisering og forbetring av arbeidsprosessar

  • Andre relevante oppgåver innan økonomi og administrasjon

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver vil bli tilpassa kompetansen og erfaringa til den som blir tilsett.

For den rette kandidaten vil det vere gode mogelegheiter til å ta eit større fagleg ansvar.

Kvalifikasjonar

Vi ser gjerne at du har:

  • Relevant utdanning innan økonomi, rekneskap eller revisjon, gjerne på høgskule- eller universitetsnivå

  • Erfaring frå rekneskapsarbeid, økonomistyring eller tilsvarande oppgåver

  • God forståing for rekneskap og økonomiske prosessar

  • God digital kompetanse og erfaring med økonomisystem og Excel

  • Interesse for systemutvikling, effektivisering og gode arbeidsprosessar

  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for formell utdanning.

  • Vi oppmodar både erfarne kandidatar og nyutdanna med relevant kompetanse til å søkje.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som arbeider strukturert og nøyaktig, tek ansvar og har god gjennomføringsevne.

Du trivst med sjølvstendige oppgåver, men set også pris på samarbeid og kunnskapsdeling.

Du er analytisk, løysingsorientert og har interesse for å forstå samanhengar, utvikle rutinar og bidra til gode resultat.

Vi tilbyr
  • Ei spennande, fast stilling i ei solid og framtidsretta reiselivsverksemd

  • Eit godt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer

  • Varierte arbeidsoppgåver og innsikt i ei verksemd med fleire forretningsområde

  • Mogelegheit for fagleg utvikling, ansvar og påverknad

  • Eit inkluderande og uformelt arbeidsmiljø

  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår

  • Arbeidsplass i Loen, midt i den vakraste naturen i Noreg

Vil du bli ein del av laget vårt? Vi ser fram til å høyre frå deg!

Om bedriften

Hotel Alexandra, morselskapet i konsernet, er eit familieeigd hotell i Loen med ei historie som strekkjer seg tilbake til 1884.

Gjennom fem generasjonar har verksemda utvikla seg frå eit tradisjonsrikt hotell til eit omfattande reiselivsmiljø med fleire verksemder innan overnatting, servering og opplevingar.

Vi kombinerer lange tradisjonar med kontinuerleg utvikling og satsingar.

Bak verksemda står eit stort lag av dyktige medarbeidarar som kvar dag arbeider for å skape gode opplevingar og resultat.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8590d713-b2df-4bce-be17-d3cea9ce1f1d

Sist endret

28. oktober 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

479358096

Lignende annonser

Laster lignende annonser