100% mellombels stilling som barne- og ungdomsarbeidar ved Opedal skule
Ullensvang kommune Opedal skule
Hellandsveien 40, 5781 Lofthus
Om jobben
- Type ansettelse
- Engasjement, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. november
Opedal skule ligg vakker til midt i Lofthus i Hardanger. Skulen er ein 1.-7. skule med 106 elevar og 22 tilsette. Skulen arbeider systematisk med temabasert undervising, stasjonsarbeid, verdiar og læringssirkelen.
Arbeidsoppgåver:
- Oppfølging av enkeltelevar med ulike behov.
- Arbeid i både skule- og SFO-tid.
- Kartlegging, observasjon og analyse av elevatferd.
- Vera ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen.
- Skapa eit godt miljø for utvikling, læring og trivsel.
- Vera aktiv med borna i leik og bidra til aktivitet.
- Ha eit godt og positivt samarbeid med kollegaer og føresette.
Me søkjer deg som:
- er ein engasjert og motivert fagarbeidar med godkjent barne- og ungdomsarbeidarutdanning.
- har erfaring som barne- og ungdomsarbeidar.
- har eit positivt elevsyn og trur på at alle elevar kan lukkast.
- er dyktig til å byggje gode relasjonar med elevar, foreldre og kollegaer.
- er fleksibel, løysingsorientert og har gode kommunikasjonsevner.
- er ein god lagspelar som bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø.
- er fagleg sterk og held deg oppdatert på ny forsking og utvikling i skulen.
- er god på å skapa eit trygt og godt læringsmiljø.
- er lojal og ansvarsfull mot skulen sitt formål.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Mogelegheiter for forlenging.
- ein spennande og meiningsfull jobb i eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.
- engasjerte og positive kollegaer som brenn for elevane.
- varierte og spennande arbeidsoppgåver.
- eit godt pedagogisk utviklingsmiljø og tett samarbeid med støttetenester og skular.
- moglegheit for fagleg utvikling og rettleiing.
- lønn etter avtaleverk.
- arbeidsstad i naturskjønne Ullensvang kommune.
Kvalifikasjonar:
- Barne- og ungdomsarbeidarutdanning.
- Anna relevant utdanning kan og vurderas.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Forslått fjerna i statsbudsjettet
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8568e4e9-a9d2-41a9-921a-f9098825366d
- Sist endret
30. oktober 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3559225_193947_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Rabben barnehage
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Utne barnehage
Sted
Utne
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Odda barneskule
Sted
Odda